Hensikt | Nordøyvegen gir fastlandssamband til rundt 2700 menneske på Lepsøya, Haramsøya, Flemsøya/Skuløya, Fjørtofta og Harøya i dei tidlegare kommunane Haram og Sandøy. Frå 1. januar 2020 er Nordøyane ein del av Ålesund kommune. |
---|---|
Finansiering | Kommune, privat, bompengar, fylkeskommune, RDA-midlar, ferje- og hurtigbåtsubsidier |
Totalkostnad | Kostnadsramma for prosjektet er 5,6 mrd. kr. |
Oppstart | September 2017 |
Opning | Skjeltene-Lepsøya-Austnes opnar 18. desember 2021. Fjørtoftfjordtunnelen opnar 16. juni 2022. Offisiell opning av heile Nordøyvegen blir 27. august 2022. |
Fase | Byggefase |
Dei 2700 innbyggarane på Nordøyane og resten av Ålesund kommune blir knytt nærare saman gjennom fastlandssambandet. Næringsliv og private vil spare transportkostnadar og få eit meir fleksibelt og forutsigbart transportsystem.
Nordøyane har i dag to ferjesamband og eitt hurtigbåtsamband.