Fv. 662 Kjerringsundsambandet

Foto som viser to bruer mellom øyer

Ein føresetnad for realisering av Kjerringsundsambandet er at prosjektet kan realiserast utan at det belastar den fylkeskommunale i tråd med prinsipp og prosedyre for sjølvfinansierande prosjekt, vedtatt av Fylkestinget i sak T-73/17.  

Fylkestinget i Møre og Romsdal gjorde prinsippvedtak om realisering av Kjerringsundsambandet 7. desember 2021. Det er føresett at vegprosjektet blir finansiert av Aukra kommune, ferjeavløysingstilskott  og innkreving av bompengar.

Uavhengig av finansieringskjelde vil Møre og Romsdal fylkeskommune vere eigar av vegen. Det betyr at fylkeskommunen får det framtidige ansvaret for drift, vedlikehald og rehabilitering.

Kjerringsundsambandet er avhengig av realisering og framdrift på E39 Ålesund-Molde. Stein frå tunnelen under Romsdalsfjorden skal nyttast til sjøfyllingar i sambandet. Begge vegprosjekta har gjensidig økonomisk og samfunnsmessig nytte, både gjennom kort transport og nytte av tunnelstein og at samfunnsnytten aukar.

Prosjektet har ein total lengde på ca. 7 km frå Nautneset på Otrøya til Hukkelberget på Gossen og inneheld veg på land, veg på sjøfylling og to store bruer:

  • Bollholmsundbrua (635 meter lang fritt-frambygg)
  • Kjerringsundbrua (875 meter lang hengebru eller 920 meter lang skråkabelbru)

Reguleringsplan for Kjerringsundsambandet

Aukra kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune har inngått avtale om finansiering av byggherrekostnadar i 2022. Partane skal inngå avtale om finansiering av heile Kjerringsundsambandet før oppstart av KS2 (ekstern kvalitetssikring av styringsgrunnlag og kostnadsoverslag).

Alle bompengeprosjekt på offentleg veg må godkjennast av Stortinget. Den tette koplinga mellom Kjerringsundsambandet og E39 Ålesund-Molde gjer at arbeidet med bompengeproposisjon blir gjennomført i tett samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen.

Fagleg grunnlag og opplegg for bompengar blir lagt fram for lokalpolitisk behandling i kommunane og fylkestinget våren 2022. Deretter blir KS2 (ekstern kvalitetssikring) starta. Den blir bestilt av Finansdepartementet og må gjennomførast før Fylkestinget kan gjere endeleg vedtak om bygging, og Stortinget kan behandle bompengeproposisjonen. Det er eit mål at det skal skje sommaren 2023.

Aktivitet20222023
 23456789101112123456
Kvalitetssikring av fagleg grunnlagxx               
Lokalpolitisk behandling av fageleg grunnlag  xxx            
Avtale MRFK - Aukra kommune om bidrag og garanti  xxx            
Ekstern kvalitetssikring (KS2)   xxxxxx        
MRFK endeleg tilslutning til utbygging (B3)         xx      
Bompengeprop.- utkast MRFK          x      
Bompengeprop. - kvalitetssikring SVV           x     
Bompengeprop. - Samferdselsdepartementet            xx   
Stortingsbehandling              xxx

Kjerringsundsambandet blir bygd med stein frå E39 Ålesund-Molde. Byggestart vil avhenge av når Statens vegvesen startar bygginga av tunnelen under Romsdalsfjorden.

  • Statens vegvesen skal bygge fylkesvegen Nautneset-Sundsbøen og sjøfyllingar i dei tre sunda på vegner av Møre og Romsdal fylkeskommune.
  • Møre og Romsdal fylkeskommune bygger Bollholmsundbrua, Kjerringsundbrua og vegane på Gossen gjennom eigen byggherreorganisasjon.

Kjerringsundsambandet skal etter planen opne for trafikk samtidig med E39-brua over Julsundet, mellom fastlandet og Otrøya.

Statens vegvesen: Vik-Julbøen (Romsdalsfjordkryssingen)

Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen inviterte til webinar for å informere om Kjerringsundsambandet og E39 Ålesund-Molde måndag 25. april 2022. 

Formålet var å informere om det faglege grunnlaget for delvis bompengefinansiering, som skal behandlast i kommunane Aukra og Molde og i fylkestinget før saka kan sendast til Stortinget.

Opptak av webinaret

Last ned

Oversendingsbrev frå Møre og Romsdal fylkeskommune til kommunane

Kjerringsundsambandet -  fagleg grunnlag for lokalpolitisk behandling

Kjerringsundsambandet - trafikknotat

 

Kontakt