Fv. 670 Todalsfjordprosjektet

Todalsfjordprosjektet legg til rette for å samle Sunndal og Surnadal i ein felles bu- og marknadsregion på indre Nordmøre. «Todalsfjordregionen» får eit folketal på mellom 16 og 17 000, og regionen vil bli meir robust, ha større vekstkraft og vere meir attraktiv for busetting.

Bilde av ein fjord med ei hengebru

Todalsfjordbrua frå sør. Fotomontasje: Dr Techn Olav Olsen

Fase:Planfase – kommunedelplan
Ansvar for planlegging:Møre og Romsdal fylkeskommune
Kommunar:Sunndal og Surnadal

Formål med prosjektet:

  • Ferjefritt vegsamband mellom Sunndal og Surnadal
  • Auka vegstandard (trafikktryggleik og framkome for alle trafikantar)
  • Redusert reisetid mellom Sunndal og Surnadal
  • Felles bu- og arbeidsmarknadsregion på indre Nordmøre.

Det har vore arbeidd med fast samband som erstatning for ferjesambandet Kvanne-Rykkjem i mange tiår. Det eksisterer ikkje ferjefritt samband mellom nordre og søre Nordmøre og mellom ytre delar av Møre og Romsdal og Trøndelag. Einaste alternativ er Rv. 70 om Oppdal.

Siste større gjennomgang av alternativ for kryssing av Todalsfjorden var eit forprosjekt levert av Statens vegvesen i mars 2015. Forprosjektet vurderte tunnel til Todal, undersjøisk tunnel og fleire brutraséar. Forprosjektet rådde til å arbeide vidare med tunnel frå Ålvundfossen og henge- eller flytebru frå Rakaneset til Svinvika.

Surnadal kommunestyre slutta seg til tilrådinga i vedtak 07.05.2015, Sunndal kommunestyre 13.05.2015 og Fylkestinget 15.05.2015.

Kommunane meldte oppstart for kommunedelplan med høyring av planprogram i mai 2016. Planprogrammet vart vedteke i Sunndal kommunestyre 31.08.2016 og i Surnadal kommunestyre 08.09.2016.

Ein kommunedelplan inneheld overordna prinsipp for den framtidige vegutbygginga som til dømes val av trasé, plasseringar av kryss, vegstandard, bruk og vern av areal nær vegen og byggegrenser.

Kommunestyra i Sunndal og Surnadal vedtok kommunedelplanen for Todalsfjordprosjektet 25. og 26. november 2020.

Dokumenter

Kontakt