Tilrår å gå vidare med undersjøisk tunnel for kryssing av Todalsfjorden
Etter ei totalvurdering av konsekvensar for miljø, samfunn og økonomi, tilrår fylkeskommunedirektøren å gå vidare med undersjøisk tunnel frå Ålvund til Åsbøen som konsept for ferjefri kryssing av Todalsfjorden.
Saka skal opp i utbyggingsutvalet 30. mai, samferdselsutvalet 31. mai, før den går til fylkesutvalet og fylkestinget i juni.
I 2020 gjorde kommunestyra i Sunndal og Surnadal vedtak av kommunedelplan for Todalsfjordkryssinga, med kryssing av fjorden med hengebru. Fylkestinget tok dette til etterretning i vedtak 15. juni 2021, med føring om at det blir gjort ei verdianalyse med bakgrunn i dei vedtekne planane. I verdianalysen vart det anbefalt å sjå nærare på ei løysing med ein undersjøisk tunnel, fordi det kunne gje betydeleg sparte investeringskostnader.
Fylkeskommunen har etter dette arbeidd med utgreiing av alternativet med undersjøisk tunnel. Utgreiingane er gjort med eit detaljnivå tilsvarande kommuneplannivå, for at det skal vere mogleg å samanlikne mellom anna kostnader med vedtatt kommunedelplan.
Todalsfjordprosjektet AS bestilte i same periode ei utgreiing av eit tredje konsept; flytebru på strekninga Kvanne – Rykkjem. Dette alternativet er ikkje utgreidd med same detaljnivå som undersjøisk tunnel og kommunedelplan-løysinga.
Oppfyller samfunnsmåla
Konsulentselskapet Sweco har konkludert med at ein kan bygge tunnel. Den mest aktuelle traséen er frå Ålvund til Åsbøen, med lengde på 10 390 m og 5 prosent stigning. På grunn av lengda over 10 km må tunnelen bli godkjent av Vegdirektoratet. Risikoen for å ikkje få godkjenning for undersjøisk tunnel i Vegdirektoratet er etter faglege vurderingar sett på som liten, men endelege risikovurderingar må bli gjort i reguleringsplanfasen.
Undersjøisk tunnel har den lågaste investeringskostnaden av alternativa, men framtidige kostnader med drift, vedlikehald og rehabilitering er høgast for dette alternativet, slik at forskjellen jamnar seg ut over levetida. Samla sett har undersjøisk tunnel høgare offentlege kostnader med om lag 70 mill. kroner (berekna for 75 år).
Undersjøisk tunnel kjem godt ut på trafikantnytte og trafikktryggleik, og tunnelen vil dermed oppfylle samfunnsmåla for Todalsfjordprosjektet ved å gi:
- Ferjefritt samband mellom Sunndal og Surnadal
- Auka vegstandard med tanke på trafikktryggleik og framkomme
Dr. Techn. Olav Olsen har lagt fram kostnadstal for sjølve flytebrua. På bakgrunn av dette er det lagt til kostnader med nye kryss, grunnerverv, byggherrekostnadar, mva og usikkerheitspåslag, tilsvarande det som er gjort for dei andre alternativa. Utrekninga syner at investeringskostnaden for flytebru kan vere noko høgare enn for undersjøisk tunnel, men lågare enn for kommunedelplanen.
| Vedtatt KDP m/hengebru | Undersjøisk tunnel B-D | Flytebru Kvanne - Rykkjem |
Entreprisekostnad, mill. 2023-kr. | 2 190 | 1 900 | 2 100 |
Investeringskostnad (P50), mill. 2023-kr. | 3 700 | 3 100 | 3 400* |
Forventa planleggingskostnad – arealplanlegging, mill. 2023-kr. | 35 | 33 | 46 |
* Beløpet er basert på entreprisekostnader frå Dr. Techn. Olav Olsen og ikkje resultat av eit anslag i fylkeskommunen, og som deretter er plussa på byggherrekostnadar, mva og usikkerheit.
Arealinngrep og CO2-utslepp
Ein undersjøisk tunnel vil ha vesentleg mindre arealinngrep enn kommunedelplan-alternativet. Fylkesplanen og Møre og Romsdal sin fylkesstrategi for samferdsel bygger på FN sine berekraftmål og er tydeleg på at ein skal avgrense skader og inngrep i naturen ved tiltak og aktivitet knytt til fylkesveg.
Flytebru kjem dårlegast ut på CO2-utslepp for byggefasen, medan undersjøisk tunnel vil ha størst utslepp knytt til transport, drift, vedlikehald i eit 75 årsperspektiv, målt mot kommunedelplan. Ein manglar tilstrekkeleg grunnlag for denne fasen når det gjeld flytebualternativet.
Brualternativet har fleire fordelar, mellom anna med ein flat veg, løysing for mjuke trafikantar og for opplevingar, men det er usikkerheit knytt til konseptet og om kommunane vil godkjenne arealplanar. Det synes heller ikkje vere utsikter til vesentlege innsparingar i kostnadar. Fylkeskommunedirektøren tilrår difor at flytebru Kvanne-Rykkjem blir lagt til sides i den fasen prosjektet er no.
På bakgrunn av ei totalvurdering av alternativa, satt opp mot samfunnsmåla for prosjektet, tilrår fylkeskommunedirektøren å jobbe vidare med undersjøisk tunnel.