Opnar Remetunnelane for trafikk i midten av juli
Som følgje av ekstra arbeid med vatn- og frostsikring blir opninga av dei oppgraderte tunnelane noko seinare enn det som var planlagd.
Under arbeidet med oppgraderinga av Remetunnelane vart det avdekt behov for å gjere ekstra tiltak i tunnelane. Tunnelane har opplevd problem med at det dannar seg is inne i tunnelane om vinteren. For å bøte på dette problemet blir tunnelane no innreidd med vatn- og frostsikring. Omfanget av denne ekstrabestillinga gjer det nødvendig å halde tunnelane stengde til midten av juli.
- Oppgraderinga av tunnelane går for fullt. Produksjonen er stor og entreprenøren gjer ein krevjande jobb med kort byggetid. Vi gjer denne ekstrajobben for å heve standarden i tunnelane ytterlegare, no når vi har moglegheita. Vi beklagar føljene dette får for trafikantane og dei som er utsett for trafikken langs omkøyringsvegen, men samstundes vil dei få betre og tryggare tunnelar når vi er ferdige, seier prosjektleiar for Møre og Romsdal fylkeskommune, Erlend Opstad.
Dei midlertidige bussrutene på strekninga fortset så lenge tunnelane er stengde.