ABC for god psykisk helse

ABC for god psykisk helse er ein nasjonal folkehelsekampanje som handlar om å bygge og styrke psykisk helse for heile befolkninga.

Kva er ABC?

ABC for god psykisk helse bygger på eit kunnskapsbasert rammeverk utvikla ved Curtin University i Australia og blir brukt i fleire land. ABC står for Act, Belong, Commit. Omsett til nynorsk blir det å gjere noko aktivt, saman og meiningsfullt – tre enkle grep som forsking har vist at har stor betydning for livskvaliteten og den psykiske helsa vår. Dette er kjernen i ABC-modellen.

Kva er målet med ABC?

Målet med ABC er todelt:

  • At fleire skal høyre om ABC – og forstå kva som kan styrke den psykiske helsa vår
  • At fleire skal gjere ABC – og ta grep i kvardagen som fremmer trivsel og meistring

Kampanjen skal bidra til at kunnskap blir til handling og at moglegheitene for helsefremmande aktivitetar blir synleggjort og styrka – både regionalt og lokalt.

ABC i Noreg og i Møre og Romsdal

Trøndelag fylkeskommune har vore nasjonal pilot for ABC i Noreg og den norske modellen bygger vidare på erfaringane dei har gjort. Dette kan du lese meir om ved å følge denne lenka.

I 2025 er kampanjen rulla ut nasjonalt, med Helsedirektoratet som ansvarleg for det nasjonale informasjonsarbeidet. Samtidig har fylkeskommunane fått ei sentral rolle i å tilrettelegge innsatsen lokalt og regionalt.

Målgruppa for innsatsen vår er kommunane, frivillige organisasjonar og andre aktørar fylkeskommunen samarbeider med. Den endelege målgruppa er heile befolkninga, med god ivaretaking av barn og unge, eldre og minoritetsgrupper. I første fase vil vi ha eit sterkt søkjelys på innsatsområdet frivillig sektor for å innføre ABC.

Møre og Romsdal fylkeskommune har fått tildelt 1,6 millionar kroner frå Helsedirektoratet og har sett av 1 million kroner til ei eiga tilskotsordning for å støtte pilotprosjekt som vil prøve ut ABC i praksis.

Du kan lese meir på nettsida til Helsedirektoratet.

Tilskotsordning for pilotprosjekt

Fylkeskommunen søker no pilotar som vil prøve ut metodar for å informere om (HØYRE) og forankre og prøve ut (GJERE) ABC i sitt arbeid. Dette kan vere kommunar, frivilligsentralar eller frivillige organisasjonar – gjerne i samarbeid med kvarandre. 

Vi søker pilotar som vil utforske korleis ABC kan bli ein naturleg del av det dei allereie gjer – og finne gode måtar å synleggjere og styrke psykisk helsefremmande aktivitet i kvardagen. Vi ønsker ei meir systematisk utprøving av både informasjon og aktivitet i tråd med ABC-modellen. Gjennom ordninga ønsker vi å sette søkelys på verdien av ABC i frivillig sektor.

Søknadsfrist er 1. oktober.

Les meir og send inn din søknad

Kvifor har vi søkelys på frivillig sektor?

Frivillige tek allereie eit stort ABC-ansvar, ved å tilby møteplassar og aktivitetar for folk i alle aldrar. Gjennom denne ordninga ønsker vi å løfte fram og støtte dette arbeidet. Da kan vi også bidra til at det blir enda meir systematisk, inkluderande og synleg.

Vi inviterer frivilligheita og kommunane til å bli kjent med ABC-modellen og vere med på å utvikle det vidare i fylket vårt.

Les meir

ABC for god psykisk helse: Slik kan du ha det bra i kvardagen