7 Drifts- og vedlikehaldsplan
Kunstnar skal sørge for at det blir utarbeida ein drifts- og vedlikehaldsplan for kunsten. Denne skal innehalde ei skildring av kva for materialar som er brukt ved utføring av kunstverket og gi opplysingar av betydning for framtidig drift og vedlikehald.
Drifts- og vedlikehaldsplan skal leggast fram for Møre og Romsdal fylkeskommune v/bygg- og eigedomsavdelinga før endeleg godkjenning av kunstverket og overtaking finn stad.
Det er bygg- og eigedomsavdelinga som har ansvaret for det fortløpande vedlikehaldet av kunsten brukarverksemda disponerer/har utplassert. Drift- og vedlikehald av kunsten skal vere ein del av driftsrutinane til bygg- og eigedomsavdelinga. Ved skade eller behov for vedlikehald skal kunstfagleg konsulent bli kontakta.
Ved kunst i vegprosjekt er det samferdselsavdelinga som har eigarskap til kunsten og det blir dei som har ansvar for drift- og vedlikehald.