Retningslinjer for Møre og Romsdal fylkeskommune si kunstordning

2 Verkeområde

Retningslinjene gjeld alle verksemder i Møre og Romsdal fylkeskommune, og skal brukast ved fylkeskommunale nybygg, tilbygg og påbygg, rehabilitering av eldre bygg og ombyggingsprosjekt der ny fylkeskommunal verksemd tek arealet i bruk etter ombygging.  

Retningslinjene gjeld også leigde bygg.  

Retningslinjene skal også gjelde uteromsprosjekt der fylkeskommunen er grunneigar.

Retningslinjene skal også gjelde for større vegprosjekt, det det på førehand er gjort ei vurdering om det er mogleg med kunst i prosjektet og der det er sett av ei konkret ramme til kunstprosjekt.