Under er påmelding til webinar og arbeidsverkstad. Alle som ønsker å delta på webinara og arbeidsverkstadene må melde seg på. Dette gjeld også for kommunar som allereie har meldt seg på prosjektet. Det er også mogleg å melde seg på frå kalenderen som ligg på fylkeskommunen si nettside.
Alle kommunane i Møre og Romsdal får:
- Tilgang til kart over karbonrike areal
- Tilbod om webinar
Kommunane som har meldt seg til å delta i sjølve prosjektet får i tillegg:
- Hjelp til å prioritere kva planar som bør digitaliserast/vektoriserast på bakgrunn av «karbonrikdom».
- Moglegheit til å få dekka nokre av kostnadane med vektorisering, sjå invitasjon.
- Arbeidsverkstad for arealrekneskap og klimagasskalkulator.
Desse kommunane har forplikta seg til å vektorisere/digitalisere planar i karbonrike areal, der behovet blir identifisert.