Inkludering av barn og unge
Fylkeskommunen arbeider for å auke inkludering av barn og unge i utdanning, arbeid og samfunnsliv. Gjennom satsinga skal vi samordne regionens arbeid for målretta samfunnsoppdrag for inkludering av fleire barn og unge i utdanning, arbeid og samfunnsliv.
Ei brei forankring av samfunnsoppdraget må koplast saman frå nasjonalt til lokalt nivå og omvendt. Kjernen i samfunnsoppdraget er samverkande effektar på tvers av fag og forvaltning, og det er nødvendig med koordinering av mobilisering og samarbeid med eit mangfald av aktørar og sektorar.
Fylkeskommuen bidreg til arbeidet mot ungt utanforskap innanfor fleire prosjekt og satsingar som:
- Møtearena for inkludering barn og unge, ein månadleg tverrsektoriell møteplass anten fysisk eller digitalt for dei som vil dele erfaringar og kunnskap om ungt utanforskap. Ta gjerne kontakt om du vil delta eller presentere ditt arbeid.
- Samarbeidsprosjekt med mellom anna Nordland fylkeskommune og Nordlandsforskning om definisjon på ungt utanforskap, samt kunnskap om bakgrunns- og årsaksvariablar for utanforskap
- Samarbeid med Folkehelseprogrammet om regional kartlegging og organisering samfunnsoppdrag inkludering barn og unge. Les meir om samfunnsoppdraget her.
- Deltaking i nasjonal allianse for overgangen frå ungdom til ung voksen ved KS Partnarskap for radikal innovasjon
- Deltaking i EU nettverket DemoS4EU og forskingsgruppe for “Samhandling om barn og unge”. Du kan lese meir om EU nettverket her, og om forskingsgruppa her.