Kva ansvar har fylkeskommunen?
Fylkeskommunen har ansvar for forvaltninga av innlandsfisk som ikkje er trua, mens Statsforvaltaren har ansvar for anadrom laksefisk (som laks og sjøaure) og kreps. Målet vårt er å sikre berekraftige fiskebestandar og gode leveområde for fisk i fylket.
Fylkeskommunen bidrar med støtte og rettleiing til kommunar, grunneigarar, frivillige lag og organisasjonar som jobbar med:
- Tiltak for å betre leveområda for fisk, som restaurering av gyte- og oppvekstområde
- Tiltak mot spreiing av framande artar og sjukdomar
- Planarbeid: Vi ivaretek fiskeinteressene i kommunale og regionale planprosessar etter plan- og bygningslova
- Tilskot: Vi gir økonomisk støtte til habitatforbetrande tiltak
- Utsetjing av fisk: Vi behandlar søknader og gir løyve til utsetjing av innlandsfisk
Vi samarbeider tett med kommunar, Statsforvaltaren og frivillige aktørar for å sikre god kunnskap og heilskapleg forvaltning.
Viktige føringar
Regional vassforvaltningsplan for Møre og Romsdal 2022 – 2027 legg vekt på å sikre god økologisk tilstand i innsjøar og elver. Fokuset er på røye, aure og ål, som naturleg høyrer heime i fylket, og korleis desse blir påverka av reguleringar, forureining og framande artar. Regelverket rundt forvaltninga er bestemt i lakse- og innlandsfiskeloven (lovdata.no).
Kontakt
- Håkon Slutaas
- Åsa Fredly
- Arne Håkon Sandnes
- Solveig Silset Berg (frå august 2025)