Som vassregionmyndigheit koordinerer vi arbeidet i Møre og Romsdal, og leier vassregionutvalet.
Om vassregionen
Møre og Romsdal vassregion følger nedbørfelt og i hovudsak fylkesgrensene, men inkluderer også delar av nabofylka. Regionen er delt inn i fem vassområde; Nordre Nordmøre, Søre Nordmøre, Romsdal, Nordre Sunnmøre og Søre Sunnmøre.
Regionen har mange korte vassdrag, med bratt fall frå fjell til sjø. Dei største vassdraga er Driva, Rauma, Surna og Eira/Aura. Totalt har regionen 2452 naturlege vassførekomstar.
Miljøtilstand og utfordringar
Vi overvakar tilstanden i vatnet slik at vi kan sette inn tiltak. Om lag 700 (21% ) av vassførekomstane oppnår ikkje god miljøtilstand. Hovudutfordringane er miljøgifter, avløp, akvakultur, Gyrodactylus salaris, flaumsikring/andre fysiske inngrep, landbruk og vassdragsreguleringar.
Søk støtte til vassmiljøtiltak
Prioriterte innsatsområde
I planperioden prioriterer vi:
- Vassdrag med laks og sjøaure
- Miljøgift og forureina sjøbotn
- Landbruk og avløp
- Plastforsøpling i kyst og vassdrag
- Minstevassføring i Svorka/Bævra, Toåa og Skallelva/Oppdølselva gjennom vilkårsrevisjon
- Følge opp tiltak i Aura/Eira, Surna og Mørevassdraget
Prosjekt: Mange bekkar små
Sjøauren har gått tilbake i fylket. Prosjektet “Mange bekkar små” kartlegg bekkar, forbetrar leveområda og fjernar hinder for fisken. Målet er å styrke sjøaurebestanden langs kysten, gjennom praktisk arbeid og opplæring av lokale aktørar.
Les meir om prosjektet og korleis du kan bidra
Nasjonal vannportal
Den nasjonale vannportalen samlar informasjon om vassforvaltning og om korleis vassforvaltninga er organisert og gjennomført i Norge. Portalen gir tilgang til nasjonale føringar, historikk og nyheiter, og informasjon om alle vassregionar og vassområde.
Kontakt
- Regional koordinator - Håkon Slutaas
- Romsdal - Arne Håkon Sandnes
- Nordre Nordmøre og Søre Nordmøre - Åsa Fredly
- Nordre Sunnmøre og Søre Sunnmøre - Solveig Silset Berg (frå august 2025)