Kombinasjonen av dei store samfunnsutfordringane, press på økonomi og mangel på arbeidskraft med rett kompetanse, bidreg til eit tilspissa utfordringsbilete. Fleire kommunar opplever ein stadig større forskjell mellom innbyggarane sine forventningar til tenesteleveranse og det offentlege si moglegheit til å levere tenester.
Kunnskapsbasert innovasjon og utvikling av offentleg sektor er avgjerande for å utvikle eit berekraftig velferdssamfunn framover. Men når dei daglege driftsutfordringane tek opp alle ressursar står det lite kapasitet att til utvikling og endringsarbeid eller innhenting av informasjon for kunnskapsbaserte avgjerder. Kommunane uttrykker behov for bistand med å samarbeide og koordinere innsatsen for omstillingane dei treng å gjennomføre.
Formålet med satsinga er å støtte og styrkje kommunanes omstillings- og innovasjonsevne i møte med demografiske endringar. Gjennom satsinga skal vi:
- vere ein tydeleg medspelar for kommunane i kommunikasjon til og dialog med innbyggarane om omstillingsbehov i møte med demografiske endringar og,
- bidra til tettare samarbeid mellom forskarar og kommunane.
Møre og Romsdal fylkeskommune involverer seg i mange prosjekt som skal styrke kommunane si omstillingsevne, som:
- Å skape møteplassar for samarbeid mellom forskingsmiljø og kommunane
- Å følgje opp og støtte etablering av Kommunane sin samarbeidsarena for forsking (KSF) i Møre og Romsdal. Du kan lese meir om KSF her.
- Gjennom prosjektet Tett på: Opplæring for politikarar i plan i samarbeid med Statsforvaltaren og Distriktssenteret. Du kan lese meir om prosjektet her.
- Kartlegging av forsking og utvikling (FoU) ressursar og kompetanse i kommunane i Møre og Romsdal våren 2025
- Deltaking i EU nettverk Norwegian AI network of Europe. Du kan lese meir om EU nettverket her.