Søk om tilskot til næring og nyskapingSkal du søke om tilskot til næring og nyskaping frå fylkeskommunen, finn du nyttige tips her. Oversikt over tilskotsordninganePå sida Tilskot, prisar og stipend finn du alle tilskotsordningar du kan søke på. Bruk filteret til venstre for å sortere og søke på det som er mest relevant for deg og ditt prosjekt.Tilskotsordningane for 2025 vart også presentert på eit nettseminar. Sjå opptaket her (youtube, 27 min.). Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar. Prosjekt som har fått støtteHer finn du statistikk (PowerBi) over tilskot fylkeskommunen har innvilga til nærings- og nyskapingsprosjekt. Bruk filteret øvst til å søke. Har du ein forretningsidé, eller vil utvikle bedrifta di? Gründertenesta hoppid.no gir råd og rettleiing til alle som vil starte ny eller vidareutvikle eiga bedrift i Møre og Romsdal. Gjennom den nasjonale portalen En vei inn (under utvikling) får du oversikt over støtteordningar og virkemiddel som kan passe ditt utviklingsprosjekt. Om eit FoU-prosjekt kan vere løysinga, så har vi tilskot til forprosjekt og kvalifiseringsprosjekt. Sjekk også ut BIO-midlane, som kan brukast til opplæring av eigne tilsette for å oppnå grøn omstilling.