Fagbrev på jobb

Fagbrev på jobb er ei opplæringsordning for vaksne som er i eit arbeidsforhold. Søknadsfrist er utløpt for 2025. Det blir annonsert ny søknadsfrist for 2026 på denne sida.

Innhald på sida

Kva er fagbrev på jobb?

«Fagbrev på jobb» er ein moglegheit for deg som er ufaglært til å ta fag- eller svennebrev samstundes som du er i lønna arbeid. Du er framleis ein vanleg arbeidstakar i bedrifta du jobbar i, men får i tillegg opplæring i eit lærefag som gjer at du kan ta fag- eller svenneprøva.

Kven kan søkje?

  • Du må vere folkeregistrert i Møre og Romsdal.
  • Du har minst eitt år allsidig praksis i faget. Har du jobba deltid, må den samla praksisen vere eitt år. 80 prosent stilling vert godkjend som fulltidsstilling.
  • Du har fullført grunnskule eller tilsvarande.
  • Du har behov for opplæring og har mindre enn fire år allsidig praksis i lærefaget. I enkelte lærefag er det ein øvre grense på fire og eit halvt år praksis, til dømes røyrleggjar- og elektrikarfaget.
  • Du er tilsett i bedrifta som skal gi opplæring. Dersom du er tilsett i ei mellombels stilling, må du vere tilsett under heile opplæringstida. Du skal ha din vanlege løn under heile opplæringstida.
  • Du må ha full stilling i bedrifta i kontraktsperioden.
  • Du bør ha nok norskkunnskapar for å kunne gjennomføre skriftleg eksamen og fag- eller svenneprøven som begge føregår på norsk.
  • Bedrifta du jobbar i og som skal gi opplæring, må vere godkjend som lærebedrift.
  • Dersom du fyller krava for praksiskandidatordninga kan du ikkje få kontrakt om Fagbrev på jobb.
  • Du må snakke og skrive norsk på linje med andre lærlingar og faglærde. Kravet til ordninga er B1 – nivå i lesing og skriving.

Vi prioriterer kandidatar som

  • ikkje har fullført vidaregåande opplæring tidlegare.
  • er eller står i fare for å bli permitterte.

Slik går du fram

  • 1. Snakk med arbeidsgjevaren din

    Viss du vil bli kandidat for fagbrev på jobb, er det bedrifta du jobbar i som søkjer på vegne av deg.

    2. Søk på ordninga

    Sjå korleis bedrifta søkjer og kva for vedlegg de må ha med i søknaden

    3. Viss søknaden blir godkjent, opprettar fylkeskommunen kontrakt om fagbrev på jobb

    Fylkeskommunen tek kontakt med dykk. Viss søknaden blir godkjent, kan du starte som kandidat for fagbrev på jobb.

Kor lang er opplæringstida?

Kor lang opplæringstid du får er avhengig av faget, og av kompetansen og praksisen din.

Opplæringstida i fagbrev på jobb må

  • minst vere på eitt år
  • maks vere på tre år i fulltidsstilling i dei fleste lærefag

 

Slik føregår opplæringstida

Du skal få opplæring etter planen som du og bedrifta har blitt einige om.
Du har rett på rettleiing og vurderingssamtalar undervegs.

Les meir om kva som er lærebedrifta sitt ansvar i opplæringstida

Skriftleg eksamen

Du må ha bestått ein skriftleg 5-timars eksamen i faget ditt før du kan melde deg opp til fagprøva eller sveineprøva.

Du må sjølv melde deg opp til eksamen som privatist med rett fagkode. Når du melder deg opp, får du vite stad og tidspunkt.

Fritak frå fellesfag og munnleg eksamen

Du er fritatt frå fellesfaga. Det betyr at du ikkje treng fellesfaga for å gå opp til fag- eller sveineprøva. Fellesfag er norsk, engelsk, matematikk, naturfag og samfunnskunnskap. Du treng ikkje å ta munnleg eksamen.

Oversikt over fag som krev to eksamenar

I nokre lærefag er det krav til to skriftlege eksamenar. Dette vil i så fall stå i læreplanen for faget. I kontrakten din om fagbrev på jobb, vil det stå kva for eksamenar du må ta.

Fristar for oppmelding til eksamen

Det er to periodar du kan melde deg opp til privatisteksamen:

  • Hausteksamen: oppmelding mellom 1. september–15. september
  • Våreksamen: oppmelding mellom 15. januar–1. februar

Du kan ikkje melde deg opp etter 15. september eller 1. februar når fristen har gått ut.

Kva kostar det?

Når du tar privatisteksamen før fagprøve, må du betale ei eksamensavgift.

Frå 1. januar 2025 er eksamensavgifta:

  • 1356 kroner for nytt fag, eller fag som ikkje er bestått
  • 2713 kroner for fag du har bestått tidlegare, men vil forbetre

Du må betale eksamensavgift for kvar eksamen du tar. Skal du ta privatisteksamen i eit fag som krev fleire eksamenar, må du betale eksamensavgift per eksamen, til dømes munnleg og skriftleg.

Du betaler eksamensavgifta i Privatistportalen når du melder deg opp til eksamen.

Dersom du må trekke deg eller utsetje eksamen som du er oppmeldt til, må du likevel betale eksamensavgifta.

Les meir om avmelding eller fråvær på eksamen

Slik søker du

Det er lærebedrifta eller samarbeidsorganet (opplæringskontoret) som skal sende inn søknad om fagbrev på jobb.

Søknadsfrist

Søknadsfristen for 2025 er utløpt.

Dette må vere med i søknaden

  1. Vurdering av di kompetanse i lærefaget. 
  2. Plan for opplæringa. Last ned mal for intern plan for opplæringa (DOCX, 133 kB)
  3. Arbeidsattestar som er relevante for praksisen din i lærefaget – samla i eitt dokument. Ein arbeidsattest skal innehalde opplysningar om arbeidstakars namn, fødselsdato, kva arbeidet har bestått i og om arbeidsforholdets varigheit. Attesten skal vere signert av arbeidsgivar.
  4. Oversikt over tidlegare arbeidserfaring
  5. Arbeidsavtale

Dersom du har skule eller praksis frå utlandet

  1. Har du grunnskule frå utlandet, må du sende inn godkjend kopi av vitnemål omsett til norsk. 
  2. Har du vidaregåande skule frå utlandet, kan du sende inn godkjend kopi av vitnemål omsett til norsk eller engelsk.
  3. Har du ein arbeidsattest frå utlandet, må den vere omsett til norsk eller engelsk. Omsetjingar må vere utførte av ein profesjonell omsetjar i Noreg eller utlandet.

Har du spørsmål eller treng hjelp, ta kontakt med fag- og yrkesopplæringa før du sender inn søknaden.

Behandlingstid

Vanleg saksbehandlingstid er fire veker. Dersom ikkje all relevant dokumentasjon er lagt ved, tek det lengre tid før de får svar, eller søknaden kan bli avslått.

Oppmelding til fag- eller svenneprøve

Det er bedrifta som er ansvarleg for å melde deg opp til fag- eller svenneprøven. Bedrifta skal gjere dette seinast to månader før læretida er slutt.

Fag- eller sveineprøva skal normalt gjennomførast i læretida, men ikkje tidlegare enn tre månader før læretida er over.

Oppmelding til fag- eller svenneprøve (Vigobedrift)

Fylkeskommunen godkjenner og videresender oppmeldinga til prøvenemnda for faget.

Kva skjer etter at du har teke fag- eller sveineprøva?

Du får tilsendt vitnemål/kompetansebevis automatisk i posten når opplæringstida er ferdig, og fag- eller sveineprøva er bestått. Du får òg tilsendt eit fag- eller sveinebrev (diplom). 

Klage

Du kan berre klage på resultatet dersom du får karakteren «ikkje bestått». Fristen for å klage er tre veker etter at du har motteke brev frå fylkeskommunen om resultatet av prøva. Du kan ikkje melde deg opp til ny prøve så lenge klagen din er til handsaming.

Du kan klage på to grunnlag

  • formelle feil/ikkje faglege forhold
  • fagleg vurdering

Klage på ikkje bestått fag- eller sveineprøve