Praksiskandidat

Har du lang og relevant arbeidserfaring innan eit fagfelt, kan du ta fag- eller sveinebrev utan å gå vegen gjennom tradisjonell vidaregåande opplæring. Du må ha jobba minst 5 år innanfor eit fag for å kunne vere praksiskandidat.

Innhald på sida

Kva er ein praksiskandidat?

Praksiskandidatordninga er for deg som har opparbeidd deg minst fem års relevant praksis i eit ordinært arbeidsforhold, og ønskjer å avleggje fag- eller svenneprøve.

Kven kan søke?

For å bli praksiskandidat må du

  • vere folkeregistrert i Møre og Romsdal
  • ha minst fem års praksis i faget. Gjennomført vidaregåande skole kan vere ein del av praksisen.
  • ha bestått skriftleg eksamen i lærefaget.
  • kunne det norske fagspråket i det faget du melder deg opp i.
  • ha grunnleggande digitale ferdigheiter.

Slik går du fram

  • 1. Samle dokumentasjon

    Du må kunne dokumentere at du har minst fem års relevant praksis. Relevant praksis vil seie at du må ha hatt arbeidsoppgåver innanfor dei viktigaste delane av innhaldet i læreplanen for faget. Finn læreplanen for ditt fag (udir.no).

    2. Bestå skriftleg eksamen i det aktuelle faget

    Denne tek du som privatist.

    3. Meld deg opp til fag- eller sveineprøve 

    Når du kan dokumentere at du har relevant praksis og har bestått den skriftlege eksamenen, kan du melde deg opp til fag- eller sveineprøva. Fylkeskommunen vurderer og avgjer om du kvalifiserer til fag- eller sveineprøva.

    4. Ta fag- eller svenneprøve

    Dersom oppmeldinga blir godkjent av fylkeskommunen, kan du gjennomføre fag- eller sveineprøva.

Merk: ordninga gjeld ikkje for helsesekretær, tannhelsesekretær eller apotekteknikar. Dette er fag som blir fullførte i skule.

Har du ikkje fem år med relevant praksis, kan du likevel vere kvalifisert til å søke på ordninga Fagbrev på jobb.

Kva reknast som arbeidspraksis?

Du må sjølv vurdere om praksisen din er relevant og rekne ut kor lang praksis du har. Du må kunne dokumentere praksisen din, og leggje den ved i oppmeldinga til fag- eller svenneprøva.  Vi har dessverre ikkje høve til å førehandsvurdere praksisen din før du har sendt inn oppmelding.

Du kan få godkjent

  • Inntil fem år med relevant praksis frå eit ordinært arbeidsforhold. Minst 50 prosent bør vere frå dei siste 10 åra. Praksis bør vere minst to månader samanhengande. Du kan ikkje få godskriving for meir enn 12 månader i løpet av eitt år. 
  • Praksisen bør vere frå eit arbeidsfellesskap.
  • Vidaregåande opplæring frå Noreg. Denne blir automatisk godkjent.
  • Praksis frå utlandet. Dette blir vurdert individuelt. Krava til dokumentasjon er dei same som for norsk praksis.
  • Praksis som sjølvstendig næringsdrivande. Du må få attest frå ein annan fagperson, til dømes samarbeidspartnar, rekneskapsførar eller kunde, som kan stadfeste kor mykje og relevant praksis du har.
  • Praksis frå arbeidstreningstiltak eller arbeid for frivillige organisasjonar kan i enkelte tilfelle godkjennast.

Du får normalt ikkje godkjent

  • Studium på høgskule, universitet og frivillig arbeid blir normalt ikkje godkjent som praksis. 
  • Praksis som lærar, ingeniør, formann, arbeidsleiar og liknande blir normalt ikkje godkjent som praksis.
  • Praksis som er opparbeidd på fritida blir berre unntaksvis godkjent.

Ofte stilte spørsmål om praksiskandidatordninga

Korleis rekne ut praksis – praksiskalkulator

Har du jobba 80 prosent stilling eller meir, vert det rekna som heiltid. Har du jobba i lågare stillingsprosentar, reknar du det om til heiltid. Døme: Om du har jobba 50 prosent stilling i to år, tilsvarar dette eitt års praksis på fulltid. 

Praksis i timer

Praksis i timer
År i 100 % stillingUtgjer i månaderUtgjer i timar
5 år60 månader8700 timar
1 år12 månader1740 timar

Bruk praksiskalkulatoren for å rekne ut om du har nok praksis (PDF, 412 kB)

Dokumentasjon av praksis

Dokumentasjonen er ofte attestar frå arbeidsgjevarar, eller dokumentasjon på tidlegare relevant skulegong.

Attestane skal stadfeste kompetansen din, og må innehalde:

  • startdato og ev. sluttdato
  • stillingsprosent eller antall timar
  • Kva arbeidsoppgåver du har hatt og korleis desse heng saman med kompetansemåla i Vg3 læreplanen for faget

CV, timelister, lønnsslippar og arbeidsavtalar er ikkje godkjent dokumentasjon.

Tilleggskrav for enkelte fag

Skriftleg eksamen

Du må ha bestått ein skriftleg 5-timars eksamen i faget ditt før du kan melde deg opp til fagprøva eller sveineprøva.

Du må sjølv melde deg opp til eksamen som privatist med rett fagkode. Når du melder deg opp, får du vite stad og tidspunkt.

Fritak frå fellesfag og munnleg eksamen

Du er fritatt frå fellesfaga. Det betyr at du ikkje treng fellesfaga for å gå opp til fag- eller sveineprøva. Fellesfag er norsk, engelsk, matematikk, naturfag og samfunnskunnskap. Du treng ikkje å ta munnleg eksamen.

Fag som krev to eksamenar

I nokre lærefag er det krav om to skriftlege eksamenar. Dette vil i så fall stå i læreplanen for faget.

Fristar for oppmelding til eksamen

Det er to periodar du kan melde deg opp til privatisteksamen:

  • Hausteksamen: oppmelding mellom 1. september–15. september
  • Våreksamen: oppmelding mellom 15. januar–1. februar

Du kan ikkje melde deg opp etter 15. september eller 1. februar når fristen har gått ut.

Kva kostar det?

Når du tar privatisteksamen før fagprøve, må du betale ei eksamensavgift.

Frå 1. januar 2025 er eksamensavgifta:

  • 1356 kroner for nytt fag, eller fag som ikkje er bestått
  • 2713 kroner for fag du har bestått tidlegare, men vil forbetre

Du må betale eksamensavgift for kvar eksamen du tar. Skal du ta privatisteksamen i eit fag som krev fleire eksamenar, må du betale eksamensavgift per eksamen, til dømes munnleg og skriftleg.

Du betaler eksamensavgifta i Privatistportalen når du melder deg opp til eksamen.

Dersom du må trekke deg eller utsetje eksamen som du er oppmeldt til, må du likevel betale eksamensavgifta.

Les meir om avmelding eller fråvær på eksamen

Unntak frå krav om eksamen

Har du gjennomført læretid eller Vg3 Fagopplæring i skole i lærefaget, er du unntatt obligatorisk skriftleg eksamen i faget. Det vil seie at du ikkje treng å ta skriftleg eksamen i faget.

Ofte stilte spørsmål om skriftleg eksamen

Slik melder du deg opp til fag- eller sveineprøva

Når du har samla dokumentasjon og bestått den skriftlege eksamenen, kan du melde deg opp til fag- eller svenneprøve. Gjennom prøva skal du demonstrere ferdigheitene og kunnskapane du har opparbeidd deg gjennom arbeidserfaringa. Du kan melde deg opp når som helst gjennom året.

Som praksiskandidat må du sjølv sende inn oppmeldinga.

1. Finne prøvestad

Du må sjølv finne prøvestad. Dei fleste vel arbeidsstaden sin. Nokre fag har prøvestasjonar der du kan leige plass for å avlegge prøva. Dersom du skal gjennomføre prøva på ein prøvestasjon, må du avtale tid med prøvestasjonen og du er sjølv ansvarleg for å dekke kostnader til gjennomføring av prøva.

2. Betale prøveavgift 

Kvittering for betalt prøveavgift skal lastast opp i oppmeldingsskjemaet. Prøveavgifta innbetalast via Vipps: 757415 - Praksiskandidat prøveavgift. All nødvendig informasjon om betaling ligg i oppmeldingsskjemaet.

  • Første gong du melder deg opp, kostar det 1155 kroner.
  • Dersom du ikkje består fag- eller svenneprøva, kostar det 2317 kroner for 2. gongs prøve.

Prøveavgifta dekker ikkje eventuelle utgifter til lokale, naudsynte råvarer og utstyr til prøver. Desse utgiftene må du dekke sjølv, eller du må avtale med arbeidsgjevar/bedrift at dei dekker utgifter til gjennomføring av prøva.

Prøveavgifta vert ikkje tilbakebetalt sjølv om oppmeldinga ikkje blir godkjent, eller du ikkje avlegg fag- eller svenneprøva. Prøveavgifta er gyldig i 1 år.

3. Meld deg opp til fag- eller svenneprøva

I søknaden må du leggje ved

  • kvittering for betalt prøveavgift
  • attestar som dokumenterer arbeidspraksisen din

Meld deg opp til fag- eller svenneprøve som praksiskandidat

Les meir om gjennomføring av den praktiske prøva

Kva skjer etter at du har meldt deg opp?

Når prøveavgifta er betalt og vi har mottatt oppmelding og dokumentasjon frå deg, vil ein saksbehandlar i fylkeskommunen vurdere oppmelding og dokumentasjon. Du vil bli kontakta dersom det er opplysningar som manglar.

Saksbehandlingstid er normalt 6 -9 veker.

Dersom oppmelding og praksis blir godkjend, vil du få brev om dette frå fylkeskommunen. I brevet står det kven du skal ta kontakt med for å avtale tid og stad for gjennomføring av fag- eller sveineprøva. Les meir om gjennomføring av fag- og sveineprøva.

Dersom oppmeldinga ikkje blir godkjend, vil du få beskjed frå fylkeskommunen.

Kva skjer etter at du har teke fag- eller sveineprøva?

Dersom du har bestått alle nødvendige fag og eksamenar vil du få tilsendt fag- eller sveinebrev om lag ein månad etter at du har bestått prøva og fullført lærekontrakten. 

Les meir om fag-, sveinebrev og vitnemål

Autorisasjon 

Ambulansearbeidarar og helsefagarbeidarar må ha autorisasjon i tillegg til fagbrev. Det er fylkeskommunen som søkjer om autorisasjon.

Før vi kan søkje til Helsedirektoratet, må du samtykke til innsending. Last ned Vigo app for fagopplæring. Du kan laste den ned både i App Store og Google Play. Under Dine prøver gir du samtykke til innsending.  

Etter at vi har sendt inn søknad for deg, vil du motta ein e-post frå Altinn om betaling av gebyr for at du skal få din autorisasjon.

Les meir hjå Helsedirektoratet

Klage 

Du kan berre klage på resultatet dersom du får karakteren «ikkje bestått». Fristen for å klage er tre veker etter at du har motteke brev frå fylkeskommunen om resultatet av prøva. Du kan ikkje melde deg opp til ny prøve så lenge klagen din er til handsaming.

Du kan klage på to grunnlag

  • formelle feil/ikkje faglege forhold
  • fagleg vurdering

Klage på ikkje bestått fag- eller sveineprøve

Lov og forskrift

Opplæringslova § 23-2 og  § 9 i opplæringsforskrifta gir deg høve for å avlegge fag- eller svenneprøve i faget.