Kompetanseheving for tilsette
Er du tilsett i samarbeidsorgan, fagleg leiar eller instruktørar i lærebedrift kan du søke om å delta i “Læretid i Europa”.
Det inneber at du kan reise til yrkesfaglege skolar, opplæringskontor eller læreplassar i andre land i Europa for å delta på:
- Jobbskygging
- Hospitering
- Førebuande besøk
- Faglege kurs
- Følge elevar eller lærlingar
- Yrkesfaglege konkurransar
Ta imot lærling frå eit anna land
Fylkeskommunen kan formidle kontakt med lærlingar frå ulike land i Europa som ønsker å ta ein del av læretida si i Noreg. Dei fleste lærlingane er unge vaksne som er i ferd med å fullføre ei fagutdanning.
Lærlingane kjem vanlegvis i små grupper, og blir følgde opp av fylkeskommunen. Fylkeskommunen ordnar det praktiske knytt til flyreiser, bustad og kontakt med utanlandske samarbeidspartnarar.
Lærebedrifta betalar ikkje lønn til den utanlandske lærlingen, og får heller ingen økonomisk kompensasjon for å ta inn lærlingen.
Krav til lærebedrifta
Lærebedrifta må
- tilby relevante arbeidsoppgåver, god opplæring og bidra til at lærlingen føler seg velkomen
- ha ein fast kontaktperson som snakkar engelsk
Lærebedrifta får
- ein ung vaksen som er motivert til å lære og jobbe
- nye perspektiv på faget og arbeidet deira
- innsikt i ein ny kultur og språk
- moglegheit for vidare samarbeid med Læretid i Europa
- moglegheit til å sende eigne norske lærlingar og tilsette på Erasmus+- utveksling
- gode moglegheiter til framtidig rekruttering
Dersom bedrifta di kan tilby hospiteringsplass på 1-3 månader, ber vi om at du fyller ut skjemaet under (kjem)
Programmet “Læretid i Europa” er finansiert gjennom EU sitt utdanningsprogram Erasmus+. Les meir om “Læretid i Europa” for lærlingar.