Søk tilskot til lærebedrifta

Godkjente lærebedrifter får tilskot frå fylkeskommunen til opplæring av lærlingar, lærekandidatar og for kandidatar i ordninga fagbrev på jobb.

Basistilskot

Lærekontrakten må vere godkjent av fylkeskommunen for at lærebedrifta skal få tilskot. 

Tilskotet blir utbetalt to gonger i året, og krev ikkje søknad.

Les meir og sjå satsane for tilskot hos Utdanningsdirektoratet

Tilretteleggingstilskot 

Lærebedrifter og samarbeidsorgan kan søke om tilretteleggingstilskot for kandidatar med behov for ekstra oppfølging og rettleiing.  

Pengane skal brukast til ekstra personellressurs til å følge opp lærlingen eller lærekandidaten.

Les meir og søk om tilskot hos Møre og Romsdal fylkeskommune