Tilsette lærlingar

For å tilsette lærlingar, må bedrifta vere godkjend som lærebedrift i fylket. Med lærlingar meiner vi lærlingar, lærekandidatar og kandidatar for fagbrev på jobb. Lærebedrifta kan vere sjølvstendig eller tilknytt eit samarbeidsorgan.

  • Kvifor bli lærebedrift?

    Å ha ein lærling eller lærekandidat har mange fordelar. Bedrifta 

    • får høve til å gi skreddarsydd opplæring til moglege framtidige fagarbeidarar 
    • vel sjølve om de vil gi lærlingen fast jobb etter endt læretid
    • bidreg til å sikre bransjen si framtid ved å utdanne fagarbeidarar
    • får styrka verdiskaping
    • får inn ny kunnskap
    • får tilskot frå fylkeskommunen til opplæringa

Følg dei tre stega under om de ynskjer å tilsette ein lærling, lærekandidat eller kandidat for fagbrev på jobb. 

1. Bli godkjent som lærebedrift

Før du kan inngå lærekontrakt, må verksemda di godkjennast. Både private og offentlege verksemder kan bli godkjent som lærebedrift. Samarbeidsorgan (tidlegare opplæringskontor) kan og godkjennast, dersom dei enkelte medlemsbedriftene er godkjende av fylkeskommunen.

Krav for å bli godkjent som lærebedrift

  • Lærebedrifta må kunne gi opplæring i samsvar med opplæringslov og forskrift (læreplanar og andre føresegner).
  • Lærebedrifta må ha ein eller fleire faglege kvalifiserte personar (faglege leiarar), som har ansvar for opplæringa.
  • Lærebedrifta må ha ein eller fleire instruktørar (erfarne fagarbeidarar eller tilsvarande) som skal drive opplæring av lærlingane og lærekandidatane. I små bedrifter kan fagleg leiar og instruktør vere den same personen.
  • Lærebedrifta skal utvikle ein intern plan for opplæringa som tilfredstiller krava i læreplanen. 

Sjølvstendig lærebedrift eller medlem av samarbeidsorgan?

Som lærebedrift kan de velje å vere medlem av eit samarbeidsorgan for lærebedrifter (tidlegare opplæringskontor). Samarbeidsorganet kan utføre oppgåver på vegne av lærebedrifta, etter avtale. 

Det er lærebedrifta som må søke om godkjenning som lærebedrift, sjølv om ho er medlem av eit samarbeidsorgan. Lærebedrift og samarbeidsorgan må ha ein skriftleg avtale som leggast ved søknaden.

Les meir om å bli medlem av samarbeidsorgan

E-læringskurs for nye lærebedrifter

Vi tilbyr e-læringskurs til deg som er eller skal bli fagleg leiar eller instruktør for lærling i bedrift. Dette kurset er obligatorisk for nye faglege leiarar. Kurset er inndelt i 11 leksjonar, og inneheld nyttig informasjon om korleis du kan drive opplæring av lærlingar.

For å motta kurset på e-post må du registrere deg med namn og e-postadresse. Etter at du har gjennomført kurset vil du motta kursbevis på e-post.

Gjennomfør e-læringskurset

Søk om å bli godkjent lærebedrift

Dette må du ha klart før du søker:

  • Samarbeidsavtale dersom bedrifta er medlem i eit samarbeidsorgan (opplæringskontor)
  • Dokumentasjon på fagleg leiars kompetanse
  • Kursbevis for gjennomført e-læringskurs
  • Fødselsnummer og kontaktopplysingar for fagleg leiar

Søk om å bli godkjent lærebedrift

Ta kontakt med fylkeskommunen for hjelp og informasjon i søkeprosessen

Når verksemda er godkjent, får du ei skriftleg stadfesting og eit godkjenningsbevis

Få tilgang til Vigo bedrift

Når lærebedrifta er godkjent, får de tilgang til Vigo bedrift, som er ei kommunikasjonsplattform mellom lærebedrifta og fylkeskommunen.

I Vigo bedrift kan de mellom anna

  • sjå søkjarar til læreplass
  • registrere inntak av lærlingar
  • bestille lærekontraktar frå fylkeskommunen
  • oppdatere bedriftsopplysningar
  • melde opp lærlingar, lærekandidatar eller fagbrev på jobb-kandidatar til fag-, svenne- eller kompetanseprøve

For meir informasjon om Vigo bedrift, sjå VIGO Bedrifts brukarrettleiing

Be om brukartilgang til Vigobedrift  (PDF, 33 kB)

2. Finn den lærlingen du ønsker

Når bedrifta er blitt godkjent som lærebedrift, kan de rekruttere og tilsette lærlingar eller lærekandidatar. Du bestemmer kven du vil tilsette, og korleis lærlingen skal rekrutterast. 

Du kan til dømes finne lærlingar ved å

  • sjå etter søkarar i Vigo bedrift
  • samarbeide med vidaregåande skular, samarbeidsorgan i bransjen - eller fylkeskommunen
  • lyse ut ein læreplass
  • kontakte søkjarar som ønskjer å bli lærlingar

3. Inngå kontrakt med lærlingen

Når de har funne ein person de vil tilsette, må de inngå ei arbeidsavtale og signere lærekontrakt. Dersom verksemda er medlem av eit samarbeidsorgan, er det samarbeidsorganet som teiknar lærekontrakten, medan verksemda tilset lærlingen og har lønns- og  arbeidsgivaransvaret. Lærekontrakten skal godkjennast av fylkeskommunen.

Les meir om kva arbeidsavtalen må innehalde på arbeidstilsynet.no

Løn til lærlingar

Som hovudregel har ein lærling årslønna til ein nyutdanna fagarbeidar fordelt utover læretida. Det er vanleg at lønna stig undervegs i læretida etter kvart som lærlingen skapar meir verdi for bedrifta.

Det er opp til lærebedrifta og lærlingen å bli einige om lønn. Dersom arbeidsplassen og arbeidsforholdet er bundne av tariffavtale, har lærlingen rett til tariffesta lønn.

Dersom arbeidsforholdet ikkje er regulert gjennom tariffavtale, vert lønna avtalt individuelt mellom lærlingen og bedrifta som ein del av den skriftlege arbeidsavtalen. Tarifflønna kan brukast som ein peikepinn på kva lærlingen bør tene, men lærlingen vil ikkje ha rett på dette utan ein bindande tariffavtale.