Bli lærebedriftÅ vere godkjend lærebedrift er eit kvalitetstempel og viser at bedrifta tar samfunnsansvar. Bedrifta får tilskot for opplæringa, og lærlingen kan bli den gode fagarbeidaren bedrifta di treng. Søk om å bli godkjent som lærebedriftFor å bli bli godkjent lærebedrift, må du sende inn søknad. Saman med skjemaet må du sende inn kursbevis på at du har gjennomført e-læringskurs for nye lærebedrifter. Meir informasjon om e-læringskurset finn du her.Finn den lærlingen du ønsker Skriv kontrakt med lærlingenSett i gangSøknad om godkjenning som lærebedriftKrav for å bli godkjent som lærebedriftlærebedrifta må kunne gi opplæring i samsvar med opplæringslov og forskrift (læreplanar og andre føresegner).Lærebedrifta skal ha ein eller fleire faglege kvalifiserte personar (faglege leiarar), som har ansvar for opplæringa.Lærebedrifta skal ha ein eller fleire instruktørar (erfarne fagarbeidarar eller tilsvarande) som skal drive opplæring av lærlingane og lærekandidatane. I små bedrifter kan fagleg leiar og instruktør vere den same personen.Lærebedrifta skal utvikle ein intern plan for opplæringa som tilfredstiller krava i læreplanen. Både private og offentlege verksemder kan bli godkjent som lærebedrift. Opplæringskontor og opplæringsringar, som er organ for samarbeid mellom bedrifter som i felleskap tek på seg opplæringsansvar, kan og godkjennast. For at eit opplæringskontor eller -ring skal få godkjenning, må dei enkelte medlemsbedriftene vere godkjende av fylkeskommunen.Du kan lese mer i brosjyra om å bli godkjent som lærebedrift (PDF, 5 MB) Vigobedrift som arbeidsverktøy for lærebedrifterLærebedrifter får tilgang til Vigobedrift.På vigobedrift.no kan du:Sjå og endre person- og bedriftsdataFå oversikt over aktuelle søkarar til læreplass og gi tilbakemelding til fylkeskommunenMelde ønske om lærekontrakt med søkar utanom formidlingaSkrive ut ferdig utfylt lærekontrakt eller opplæringskontraktFå oversikt over løpande kontraktsforholdSøke om godkjenning i nye fag eller oppdatere aktuell fagleg leiarFå oversikt over prøveoppmeldinger og avlagte prøver med resultatFå oversikt over utbetaling av tilskotRapportere på opplæringsverksemda til fylkeskommuneAlle faglege leiarar i lærebedrifta kan logge seg på VigoBedrift ved bruk av MinId. Det same kan andre tilsette i lærebedrifta som har ei aktiv registrert rolle i lærebedrifta i fylkeskommunens vigosystem.Tilgangar for den enkelte tilsette i lærebedrifta blir styrt av den som er systemansvarleg i lærebedrifta. For meir informasjon, sjå brukarrettleiing.Du kan be om brukartilgang til Vigobedrift her (PDF, 33 kB)Tilskot til lærebedriftaGodkjente lærebedrifter får tilskot frå fylkeskommunen til opplæring av lærlingar, lærekandidatar og for kandidatar i ordninga fagbrev på jobb. Tilskotet blir utbetalt to gonger i året, og krev ikkje søknad.Kontrakten må vere godkjent av fylkeskommunen for at lærebedrifta skal få tilskot.Les meir om tilskot til lærebedrift på Utdanningsdirektoratet sine siderEkstra tilskot for lærekandidatar og lærlingar med særskilte behovTilskotet skal stimulere lærebedrifter til å gi lærekandidatar med særskilde behov, høve til å oppnå ei fagutdanning eller delar av ei fagutdanning. Tilskotet kan i særskilte tilfelle brukast til lærlingar med særskilte behov. Pengane skal berre brukast til ekstra personellressurs til å følge opp lærlingen eller lærekandidaten. Søknader om tilskot blir behandla gjennom heile året.Søk om tilrettleggingstilskot her Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar.