4 Gjennomføring av læretid
Arbeids- og læringsmiljø
Lærebedrifta skal skape eit godt arbeids- og læringsmiljø. Det er viktig at bedrifta har ein god oppstartssamtale med kandidaten. I samtalen bør bedrifta informere om reglar som gjeld på arbeidsplassen og avklare forventningar ein har til kvarandre. Lærebedrifta skal gjere kandidaten kjent med rutinar for varsling dersom hen ser eller opplever uønskt seksuell merksemd eller mobbing. Lærebedrifta kan bruke retningslinene for førebygging og handtering av seksuell trakassering som ligg her.
Kandidaten er arbeidstakar i bedrifta med dei rettar og plikter som følgjer av lov, forskrift og tariffavtale. Arbeidsmiljølova, ferielova og trygderettar gjeld på lik linje med andre arbeidstakarar.
Forventningar til kandidaten
Kandidaten skal bidra til å skape eit godt arbeidsmiljø og gode samarbeidsforhold. Kandidaten skal bidra aktivt i opplæringa, og vere med å planlegge og vurdere eige arbeid.
Vurdering
Lærebedrifta skal ha eit system som sikrar at opplæringa blir planlagt, gjennomført og vurdert i samarbeid med kandidaten. Vurdering undervegs i læretida skal vere ein integrert del av opplæringa. Vurderinga skal gi uttrykk for i kva grad måla i opplæringsplanen er nådd.
I undervegsvurderinga i fag skal kandidaten:
- delta i vurderinga av sitt eige arbeid og reflektere over si eiga læring og faglege utvikling
- forstå kva dei skal lære, og kva som blir venta av dei
- få vite kva dei meistrar
- få rettleiing om korleis dei kan arbeide vidare for å auke kompetansen sin
Det kan vere hensiktsmessig at kandidaten fører opplæringslogg. Denne kan fungere som dokumentasjon og være til hjelp for planlegging og gjennomføring av opplæringa.
Minst ein gong kvart halvår har kandidaten rett til ein samtale med fagleg leiar/instruktør og eventuelt tilsynsrepresentant om fagleg og sosial utvikling. Halvårssamtalen skal vere skriftleg dokumentert. Mal for halvårssamtale ligg her.
Teori i læretida
I nokre fag er det krav om eksamen før kandidaten kan bli meldt opp til fagprøve. I dei faga der det er aktuelt, vil det stå på kontrakten om opplæring.
Avbrot eller heving av kontrakt om opplæring
Fylkeskommunen skal ha beskjed om avbrot i læretida, slik at kontrakten om opplæring kan korrigerast. Det kan vere avbrot grunna svangerskap, militærteneste, permisjon eller sjukdom.
Dersom det skulle oppstå utfordringar i læreforhaldet, skal lærebedrifta bruke Rettleiar ved fare for heving som ligg her.
Det er viktig at prosessen blir dokumentert. Det er berre fylkeskommunen som kan vedta heving av kontrakt om opplæring.
Dersom det oppstår behov for permittering i bedrifta, er kandidatane som hovudregel unntatt så lenge det kan gis forsvarleg opplæring. Lærebedrifta skal kontakte fylkeskommunen ved fare for permittering.
Årleg rapportering og Lærlingundersøkinga
Fagleg leiar i lærebedrifta skal årleg rapportere til fylkeskommune om opplæringa dei gir gjennom «Årleg rapportering». Det blir sendt ut informasjon når det skal rapporterast.
Lærlingundersøkinga blir sendt til kandidatar som har gjennomført meir enn 11 månader av læretida. Den er anonym og frivillig å svare på. Lærebedrifta bør oppfordre kandidatane til å svare på undersøkinga. Undersøkinga blir sendt ut om hausten.