Fag-, sveine- og kompetanseprøve

Lærlingar skal ta fag- eller sveineprøve ved slutten av læretida. Lærekandidatar tar ei kompetanseprøve. Praksiskandidatar kan ta fag- eller sveineprøve når dei har opparbeidd nok praksis. 

Innhald på sida

Kva er fag-, sveine- eller kompetanseprøve?

Ei fag-, sveine- eller kompetanseprøve er ein avsluttande praktisk eksamen innan yrkesfagleg utdanning. Prøva vert ofte kalla

  • fagprøve i industri- og tenesteytande fag
  • sveineprøve i handverksrelaterte fag
  • kompetanseprøve for lærekandidatar

Før du kan ta fag- eller sveineprøve

Om du er lærling og skal ta fag- eller sveineprøve, må du ha bestått alle fag som krevast for utdanninga di før du kan ta prøva. Dersom du manglar fag, vil det stå i lærekontrakten din.

Du kan ikkje ta fag- eller sveineprøva om du har:

  • karakter 1 i eitt eller fleire programfag
  • IV (ikkje vurderingsgrunnlag) i eitt eller fleire fag
  • karakter 1 i fleire enn to fellesfag

Dersom du har karakter 1 i inntil to fellesfag, kan du likevel gå opp til prøva. Du vil ikkje få vitnemål og fag- eller sveinebrev før alle faga er bestått. 

Om du kan dokumentere at du har lærevanskar,  kan du søke om unntak frå bestått i eitt eller to fellesfag. 

Om du manglar fag, kan du ta dei som privatist.

Dette gjeld berre fag- og sveineprøver, og ikkje kompetanseprøver.

Tilleggskrav for einskilde fag

 

For å førebu deg til prøva kan det vere lurt å øve på gjennomføring av prøva. Dei siste månadane kan du gjere arbeidsoppgåvene som om det var ei fagprøve, slik at du får øvd deg på gjennomføringa.

Prøvenemnda forutsett at du kjenner til kompetansemåla i læreplanen. Om du er usikker på innhaldet i kompetansemåla bør du snakke med lærebedrifta di for å få avklart dette. Praksiskandidatar kan kontakte fylkeskommunen dersom dei har spørsmål angåande kompetansemåla i læreplanen.

Du finn meir informasjon om fagprøva og prøvenemnda på Udir sine heimesider.
 

Oppmelding 

Om du er lærling, lærekandidat eller har kontrakt for fagbrev på jobb, er det bedrifta du jobbar i som melder deg opp til prøva. Bedrifta melder deg opp til prøva via Vigobedrift.

Er du praksiskandidat, skal du sjølv melde deg opp og organisere det praktiske rundt prøva.

Når vert prøva gjennomført? 

Fag-, sveine- eller kompetanseprøva skal normalt gjennomførast i læretida, men ikkje tidlegare enn tre månader før læretida er over. Praksiskandidatar kan gjennomføre prøva når oppmeldinga er godkjend, og etter avtale med prøvenemnda som skal vurdere prøva.

Korleis vert prøva gjennomført?

Prøvestad

Dei fleste gjennomfører prøva i lærebedrifta si. I nokre fag er det vanleg å gjennomføre prøva på ein prøvestasjon. Er du praksiskandidat må du sjølv finne prøvestad.

Innhaldet i prøva

Prøvenemnda har ansvar for å planlegge og gjennomføre prøva, og er også dei som set karakter på prøva di. Lærebedrifta kan komme med forslag til arbeidsoppgåver.

I fag- og sveineprøva kan du bli testa i alle kompetansemål i læreplanen for faget. I kompetanseprøva vert du testa i måla i din tilpassa læreplan.

Når du gjennomfører prøva, skal du

  1. planlegge arbeidet og grunngje dei løysingane du vel
  2. gjennomføre eit fagleg arbeid
  3. vurdere eige prøvearbeid
  4. dokumentere eige prøvearbeid

Kor lenge varer prøva?

Det står i læreplanen for faget kor lenge prøva varer. Søk etter læreplanen for ditt fag på Udir.no

Om du ikkje kan møte til prøva

Det er viktig at du gjev beskjed til prøvenemnda i god tid om du ikkje kan møte til avtalt prøvetidspunkt. Blir du sjuk, må du dokumentere fråveret ved å sende legeerklæring til fylkeskommunen. Bruk eDialog for sikker innsending av legeerklæringa.

Tilrettelegging og hjelpemiddel

Du kan bruke dei hjelpemidla du har brukt i løpet av læretida.

Har du behov for særskilt tilrettelegging, må du søke om dette i god tid før prøva. Du må legge ved dokumentasjon frå lege, PPT, fysioterapeut eller liknande i søknaden.

Søknad om tilrettelagt fag- eller sveineprøve (PDF, 173 kB)

Skal du ta kompetanseprøve, treng du ikkje å søke om tilrettelegging. Dette vert vurdert for kvar enkelt kandidat.

Meir opplæring ved ikkje bestått fag- eller sveineprøve

Om du ikkje har bestått fag- eller sveineprøva, kan du ha rett til meir opplæring. Føremålet med meir opplæring er at du skal få meir tid til å øve, slik at du kan klare å bestå ei ny prøve.

Som hovudregel får du då 2–6 månader med meir opplæring. Dette bør så langt det er mogleg gjennomførast i den bedrifta du har hatt læretida i.

Om du har klaga på resultatet på fag- eller sveineprøva, må du vente med å søke om meir opplæring til klagehandsaminga er avslutta. Du kan heller ikkje søke om meir opplæring om du allereie har meldt deg opp til ny prøve.

Søk om meir opplæring

Vurdering og klage

Karakterskala

Ved fag-, sveine- og kompetanseprøvar brukast karakterane 

  • «Bestått svært godt»
  • «Bestått» 
  • «Ikkje bestått»

Ved karakteren «ikkje bestått»

Dersom du ikkje består fag-, sveine- eller kompetanseprøva på første forsøk, har du rett til å melde deg opp til ny prøve. 

Er du praksiskandidat, må du vente i seks månader før du kan melde seg opp til ny prøve

Klage 

Du kan berre klage på resultatet dersom du får karakteren «ikkje bestått». Fristen for å klage er tre veker etter at du har motteke brev frå fylkeskommunen om resultatet av prøva. Du kan ikkje melde deg opp til ny prøve så lenge klagen din er under handsaming.

Send inn klage på ikkje bestått fag-, sveine- eller kompetanseprøve

Vitnemål og kompetansebevis

Lærlingar og kandidatar for fagbrev på jobb får tilsendt vitnemål automatisk i posten når læretida er avslutta, og fag-, sveine- eller kompetanseprøva er bestått. Praksiskandidatar får tilsendt kompetansebevis når fag- eller sveineprøva er bestått. Lærekandidatar får tilsendt eit kompetansebevis med oversikt over fullførte læreplanmål.

Fagbrev, sveinebrev og kompetansebrev

I tillegg til vitnemål/kompetansebevis, får du eit fag-, sveine- eller kompetansebrev (diplom). Dette blir sendt til deg innan fire veker etter praktisk prøve eller utløp av kontrakta di. Du treng ikkje bestille dette sjølv. 

Det er ikkje mogleg å utstede digitalt fagbrev, men du kan sjå resultatet på prøva ved å laste ned og logge inn i “Vigo app for fagopplæring”. 

Fagbrev på engelsk

Vi skriv ikkje ut fagbrev på engelsk, men Europass sine fagbeskrivingar dekker ofte behovet når du skal søke arbeid i utlandet. 

Les meir om Europass

Fagbevis i kortformat

Dersom du har fag-/sveinebrev og ønsker eit fagbevis i kortformat, kan du bestille dette. 

Bestill fagbevis i kortformat (PDF, 416 kB)

Autorisasjon for ambulansearbeidarar og helsefagarbeidarar

Ambulansearbeidarar og helsefagarbeidarar må ha autorisasjon i tillegg til fagbrev. Det er fylkeskommunen som søkjer om autorisasjon.

Før vi kan søkje til Helsedirektoratet, må du samtykkje til at vi kan søke autorisasjon for deg. Last ned Vigo app for fagopplæring. Under Dine prøver gjev du samtykke til innsending.  

Etter at vi har sendt inn søknad for deg, vil du motta ein e-post frå Altinn med melding om å logge inn og betale eit gebyr for at du skal få din autorisasjon. Har du ikkje betalt innan 60 dagar, må du sjølv søke om autorisasjon på nytt. Behandlingstida er inntil tre månader. Du får ikkje melding om vedtak når gebyret er betalt, men må sjølv slå opp i helsepersonellregisteret. 

Les meir hos Helsedirektoratet

 

Bestill nytt fagbrev eller duplikat av vitnemål/kompetansebevis

Det tek ca. 6 veker frå bestilling av nytt fagbrev, til det kjem i posten.

Har du nyleg tatt fagprøve, blir fagbrevet og dokumentasjon sendt til deg innan 4 veker etter praktisk prøve eller utløp av kontrakta di. Du treng ikkje bestille dette sjølv.