Rettar og plikter for lærlingar

Er du lærling i ei bedrift i Møre og Romsdal? Sjå kva dine rettar og plikter er. 

Som lærling har du:

    • same rettar som dei tilsette i bedrifta du jobbar i
    • rett til løn
    • plikt til å gjere deg kjend med lærekontrakta di

    Som lærling er du både arbeidstakar og under utdanning i lærebedrifta. Du skal ha inngått og signert på både ein lærekontrakt og ein arbeidsavtale med bedrifta. Lærekontrakta skal godkjennast av fylkeskommunen.

Dine rettar

  • Du har rett til opplæring etter gjeldande læreplan. Opplæringa skal tilpassast dine behov og føresetnader.
  • Du har rett på vurdering og rettleiing undervegs gjennom heile læretida di.
  • Halvårsvurdering skal dokumenterast av lærebedrifta.
  • Lærebedrifta skal leggje til rette for at du deltek aktivt i eigen læring og utvikling.
  • Du har rett til eit trygt arbeidsmiljø fritt for mobbing og trakassering.
  • Lærebedrifta har ansvar for å melde deg opp til fagprøven.
  • Fagprøven kan gjennomførast tidlegast tre månader før læretida er ferdig.
  • Du har rett til permisjon på grunn av til dømes fødsel, militærteneste og liknande.
  • Du kan etter avtale med bedrifta søkje om å utvide læretida.

Dine plikter

  • Følgje interne reglar i bedrifta og bli kjend med bedrifta sine rutinar.
  • Møte presis på jobb.
  • Vis engasjement og interesse.
  • Vere aktiv i eigen læring og dokumentere det du har jobba med undervegs.
  • Bli godt kjend med eigen læreplan.
  • Sørge for at manglande fag, ikkje bestått teori eller programfag, er gjennomført og bestått undervegs i læretida.
  • Planleggje, gjennomføre, vurdere og dokumentere eige arbeid og utvikling.
  • Avleggje fag- og svenneprøve.

Ta fag- og svenneprøve 

Når læretida nærmar seg slutten, skal bedrifta melde deg opp til fag- eller svenneprøve. Du kan tidlegast gjennomføre fag- eller svenneprøven tre månader før læretida er slutt. 

Les meir om fag- og sveineprøve 

Å seie opp eller bli sagt opp som lærling

Vil du seie opp læreplassen din, kan du kontakte fag- og yrkesopplæringa i Møre og Romsdal for rettleiing. Det same gjeld om du har blitt sagt opp og har spørsmål om dette.

Lærlingsamlingar og webinar

Vi gjennomfører lærlingsamlingar eller webinar for førsteårslærlingar på hausten og andreårslærlingar på våren. Lærlingane og deira faglege leiarar får informasjon om dette på e-post.

Temaer for samlingen kan vere:

Opptak av tidlegare gjennomførte webinar:

Webinar om oppstart i bedrift for 1. års lærlingar 1. oktober 2024

Webinar om førebuing og gjennomføring av fagprøva for 2. års lærlingar 13. mars 2025

E-læringskurs for nye lærlingar og lærekandidatar

Vi tilbyr e-læringskurs til deg som er ny som lærling eller lærekandidat. Kurset er inndelt i 11 leksjonar, og inneheld nyttig informasjon om læretida.

For å motta kurset på e-post må du registrere deg med namn og e-postadresse. Etter at du har gjennomført kurset får du kursbevis på e-post.

Gjennomfør e-læringskurset

Løn

Det er opp til lærebedrifta og lærlingen/lærekandidaten å bli samde om løn. Om arbeidsplassen og arbeidstilhøvet er bunde av tariffavtale, har du rett til tariffesta løn.

Dersom arbeidstilhøvet ikkje er regulert gjennom tariffavtale, blir løna avtala individuelt mellom deg og arbeidsgivar som ein del av den skriftlege arbeidsavtalen. Sjølv om arbeidet ikkje er underlagt ein tariffavtale, kan tariffløna brukast som ein peikepinn på kva du bør tene, men du vil ikkje ha rett på dette utan ein bindande tariffavtale.

Ta kontakt med tillitsvald eller næraste leiar for å undersøkje kva avtalar som gjeld på lære-/arbeidsplassen din.

Overtidsbetaling

Lærlingar og lærekandidatar har rett på overtidsgodtgjering ved arbeid utover avtala arbeidstid. Det er viktig at de på førehand har avtala kva overtidsløn som skal betalast. Avtala overtidsgodtgjering må minst dekkje lovpålagt overtidsgodtgjering.

Bli medlem i ei fagforeining?

Som lærling/lærekandidat kan du vurdere å melde deg inn i ei fagforeining/fagforbund. Dersom du har spørsmål eller behov for hjelp i arbeidslivet, vil fagforeininga kunne hjelpe og støtte deg. Du kan til dømes kontakte fagforeininga om du har spørsmål om løna di.  Å vere medlem i ei fagforeining kan gi deg ein ekstra tryggleik i læretida.

Forsikringar

Bedrifta er ansvarleg for å ha ulykkes- og yrkesskadeforsikring på lærlingen som arbeider der.

Lån og stipend

Som lærling og lærekandidat kan du ha rett til både stipend og lån frå Lånekassen. Du må vente med å søkje til lærekontrakten din er godkjend.

Søk stipend og lån på Lånekassen.no

Lærlingbevis

Last ned appen Vigo. Her finn du ditt lærlingbevis.