Du kan søke om godtgjering av tapt arbeidsfortjeneste i Visma Expense, eller så kan arbeidsgivar sende faktura til fylkeskommunen.
Søk om godtgjering for tapt arbeidsforteneste (permisjon utan løn)
Når du skal søke om godtgjering av tapt arbeidsinntekt, skal det fyllast ut eit skjema som må attesteres av arbeidsgivar/reknskapsførar, før du lastar det opp i Visma Expense. Dokumentasjonen frå arbeidsgivar må ikkje vere eldre enn seks månader. Skjemaet skal ligge som vedlegg i reiserekninga. Bruk skjema Godtgjersle for tapt arbeidsinntekt lønsmottakar eller sjølvstendig næringsdrivande. (DOCX, 55 kB)
Send faktura for tapt arbeidsfortjeneste (permisjon med løn)
Arbeidsgivar kan sende refusjonskrav for utbetalt løn. Send faktura til Møre og Romsdal fylkeskommune som elektronisk handelsformat (EHF). Organisasjonsnummer: 944183779. Merk med referansenummer 20002. Du kan få dekt opptil 7,5 timar per dag, og beløpet skal ikkje overstige 4267 kr per dag eksklusive sosiale kostnadar eller 5380 kr per dag inklusive sosiale kostnadar som feriepengar og arbeidsgivaravgift. Legg ved skjema Refusjonskrav frå arbeidgivar for utbetalt løn. (DOCX, 59 kB)
Reiserekning for sjølvstendig næringsdrivande
Sjølvstendig næringsdrivande som krev godtgjersle skal legge fram utskrift av likningsattest/næringsoppgåve for førre år for berekning av grunnlaget for tapt arbeidsforteneste. Tap per dag blir utrekna etter netto årsinntekt dividert på 260 dagar. Du kan få dekt opptil 7,5 timar per dag, og beløpet skal ikkje overstige 4267 kr per dag eksklusive sosiale kostnadar eller 5380 kr per dag inklusive sosiale kostnadar som feriepengar og arbeidsgivaravgift. Bruk skjema Godtgjersle for tapt arbeidsinntekt lønsmottakar eller sjøvstendig næringsdrivande. (DOCX, 55 kB) Dette skal ligge som vedlegg til reiserekninga. Fylkeskommunen dekkjer berre det som kan definerast som tap av løn for arbeidstakarar, ikkje tap av forteneste til bedrifta.
Fritidssats
Den som ikkje kan dokumentere tap av inntekt har i staden rett på ein fritidssats på 1700 kr per dag og 850 kr for halv dag (under 4 timar). Dette gjeld til dømes studentar, pensjonistar og turnusarbeidarar som utfører prøvenemndsarbeid i friperiodar. Dato og tidspunkt for prøvenemndsarbeid skal førast i reiserekninga.