Velkommen som forelder til elev i vidaregåande

Som forelder er du viktig for ungdommen, også når dei går på vidaregåande. Vi i Møre og Romsdal fylkeskommune ønsker eit godt samarbeid mellom heim og skole.

Bli kjend med skolen

Etter skolestart inviterer skolane til foreldremøte. Der får du møte tilsette, bli kjent med skolehverdagen og få informasjon om korleis du kan bidra. Skolen vel også foreldrerepresentantar til skoleutvalet.

Samarbeid mellom skole og heim

Skolen har plikt til å samarbeide med føresette, jf. opplæringslova § 10-3. Korleis samarbeidet skjer, får du meir informasjon om frå den skolen eleven din skal gå på.

Ungdommen din skal ha det trygt og godt på skolen  

Alle elevar skal ha eit trygt og godt skolemiljø. Har ungdommen din opplevd utfordringar tidlegare, er det viktig at skolen får vite om dette så tidleg som mogleg.

Er det noko som påverkar trivselen – enten på eller utanfor skolen – vil vi gjerne vite om det. Då kan vi gi betre støtte og bidra til ein trygg skolekvardag.

Du kan melde frå

  • til ein tilsett på skolen
  • digitalt til skolen
  • direkte til fylkeskommunen - dersom det gjeld ein i skoleleiinga
  • til statsforvaltaren - viss du opplever å ikkje bli høyrt

Les meir om varsling

Elev- og lærlingombodet

Ombodet ivaretek rettane til elevar og lærlingar, og er eit gratis og uavhengig tilbod. Du som forelder kan også ta kontakt for råd og støtte.

Les meir om elev- og lærlingombodet i Møre og Romsdal

 Trygg og inkluderande avgangsmarkering og russetid  

Mange ungdommar startar tidleg å planlegge russetida. Vi oppfordrar foreldre til å vere tydelege vaksne og støtte opp om ei trygg og inkluderande feiring.

Les meir om avgangsmarkering og russetid

Følg med i InSchool    

I InSchool finn du timeplanar, fråvær og vurderingar. Du får informasjon frå skolen om korleis du som forelder kan bruke systemet. Når eleven har fått skoleplass, kan du logge inn via skolen si nettside.

Les meir om InSchool

Viktig informasjon kjem digitalt 

Skolen sender viktig informasjon til elevar via digital postkasse. Vi oppmodar alle elevar til å opprette digital postkasse – og du som forelder kan minne dei på det. 

Slik opprettar ein digital postkasse  

Du er viktig - ta del i skolekvardagen!

Vis ungdommen din at du bryr deg:

  • Still spørsmål og ver nysgjerrig
  • Samarbeid med kontaktlærar
  • Støtt gode vanar: søvn, kosthald og rutinar
  • Følg med på kva som skjer, både på og utanfor skolen
  • Bruk skolen si nettside og hald deg oppdatert

Vi ser fram til eit godt samarbeid og ønsker ungdommen din lykke til i vidaregåande opplæringa!

Venleg helsing

Erik Brekken

Kompetanse- og næringsdirektør