Rettleiar for ein trygg og god overgang til vidaregåande skole for ungdom med stort fråvær

2 Innleiing

Opplæringslova § 9-5 legg føringar for samarbeid mellom ungdomsskolen og vidaregåande skole i overgangen: 

«Fylkeskommunen skal sørge for at elevane får ein trygg og god overgang frå grunnskulen til den vidaregåande opplæringa. Kommunen skal samarbeide med fylkeskommunen om overgangen.» 

Dette betyr at:

  • Ungdommen og foreldre skal oppleve overgangen som føreseieleg, og ungdommen veit kva dei kan forvente når dei begynner på vidaregåande
  • Fylkeskommunen skal vere forberedt på kva erfaringar ungdommane har med seg frå grunnskolen og skal samarbeide med kommunen om gode rutinar for overføring av opplysningar
  • Eleven sitt beste skal være eit grunnleggande omsyn, og retten til medverknad skal bli lagt stor vekt på.

2.1 Omgrep og forkortingar

Omgrep

Med stort fråvær meiner vi 

«Fravær fra undervisningen og det sosiale fellesskapet i skolen, gyldig eller ugyldig, av et omfang/en hyppighet som medfører bekymring knyttet til elevens faglige utvikling, samt elevens sosiale tilhørighet og utvikling» (Ingul, 2011).

Overgang vert i denne rettleiaren definert som periode frå eleven startar på 10. trinn og fram til oppstart på vidaregåande opplæring. Vidaregåande skolar og ungdomsskolar vil samarbeide på systemnivå om hausten i 10. trinn, og på individnivå våren 10. trinn.  Dette gir moglegheit for individuell tilrettelegging når det gjeld omsyn til eleven sine unike utfordringar, og skaper føreseielegheit for elev, foreldre, avgivarskole og mottakarskole.

Forkortingar

  • ITO – individuelt tilrettelagt opplæring
  • usk – ungdomsskole
  • vgs - vidaregåande skole
  • vgo -vidaregåande opplæring
  • OT - oppfølgingstenesta
  • PPT – pedagogisk psykologisk tjeneste
  • BUP – barne- og ungdomspsykiatrien
  • IOPsky - lagringsområde for individuell opplæringsplan