Rettleiar for ein trygg og god overgang til vidaregåande skole for ungdom med stort fråvær

6 Mål og tiltak for elevar med komplekst fråvær

Elevar som ikkje har kunna delta i dei universelle tiltaka, eller sårbare elevar som for eksempel elevar med autismespektervanskar, vil ha behov for tiltak på sitt nivå, enten målretta eller intensive tiltak. 

Mål

  1. Sikre at eleven kjenner til moglegheitene etter ungdomsskolen og medverkar i overgangen til vgo i skole eller bedrift
  2. Sikre at fylkeskommunen (vgs eller OT), er forberedd på erfaringar ungdommane har med seg frå grunnskolen

6.1 Tiltak for moglegheiter og medverknad

Kva og korleis

Få oversikt over kva som er realistisk for vidare opplæring i skole eller bedrift.

  • Møte mellom skole, heim og aktuelle aktørar for å samtale om motivasjon, ønsker og realistiske moglegheiter.
  • Vilbli.no er en god ressurs i denne prosessen.

Kven deltek

  • usk (ansvar)
  • rådgivar
  • elev
  • foreldre
  • PPT og aktuelle samarbeidspartnarar ( BUP, lege)

Når

  • okt. - jan
  • Eksempel frå Nordmøre: Karriererettleiing og informasjonsoverføring for elevar med stort fråvær som skal søke fortrinn eller individuell vurdering innan 1. feb. 

    Deltakarar: Rådgiver ITO vgs og usk samarbeider om møteplan. I tillegg deltek PPT for usk og vgs, elev, foreldre og kontaktlærar usk.

Kva og korleis

Ut frå kva som er realistisk og ønskeleg, sikre at elev og foreldre har tilstrekkeleg kunnskap om eit utvalg aktuelle utdanningsprogram og kjenner til alternative måtar for opplæring og vurdering

  • digitale møte dersom fysisk oppmøte er vanskeleg
  • gi elev og foreldre skriftlig informasjon for refleksjon og innsikt i utdanningsprogramma (vilbli.no)

Tilpassa løp, opplæring i bedrift, grunn-kompetanse, opplæringskontrakt, avdeling for alternativ opplæring, alternativ til vgs, for eksempel folkehøgskole eller kurs

  • prøve ut elev i alternativ arena, dersom motivasjon og fungering i skole er låg/fråværande

Kven deltek

  • usk (ansvar)
  • rådgivar usk
  • OT
  • vgs
  • PPT

Når

  • sept. - des.

Kva og korleis

Innsøking av elevar med  individuell vurdering

  • Søkarmøte der søknad og vedleggsskjema blir fylt ut 

Kven deltek

  • usk (ansvar)
  • rådgivar usk
  • elev og ev. foreldre
  • PPT v/behov

Når

  • frist: 1. feb

Kva og korleis

Inntaksmøte for elevar med fortrinnsrett

Overføringsmøte for elevar som har søkt om individuell vurdering

  • presisere at inntak ikkje er gjennomført og at informasjon blir overført til aktuell skole/avdeling dersom inntak avviker frå ønske

Kven deltek

  • vgs (ansvar)
  • Rådgivar for ITO
  • avdelingsleiar
  • PPT vgs
  • elev
  • foreldre
  • rådgivar
  • lærar usk

Når

  • april - mai (inntaksmøte)
  • juni (overføringsmøte)

Kva og korleis

Treffpunkt på skole eller alternativ arena før oppstart

  • Skole eller bedrift tar initiativ til fysisk treffpunkt der ein kan bli litt betre kjent
  • Video av klasserom, skolearena kan vere lurt for å skape skape tryggheit

Kven deltek

  • vgs (ansvar)
  • Avdelingsleiar, kontaktlærar vgs eller OT/arbeidsgivar tek kontakt med elev, foreldre eller annan vaksen som er trygg for eleven.

Når

  • juni - aug.

6.2 Tiltak for informasjonsutveksling og erfaring

Kva og korleis

Innhente samtykke frå elev og ev. foreldre i forbindelse med innsøking til vgs.

Kven deltek

  • usk (ansvar)
  • rådgivar usk

Når

  • innan 1. feb.

Kva og korleis

Openheit om vanskar, kva og kven som kan hjelpe eleven 

  • Aktuelle lærarar får tilgang til søknader om elever med fortrinnsrett og meldeskjema i IOP- sky
  • Vektlegg nyttig informasjon om både vanskar, styrker og tiltak som har fungert
  • Arrangere klasselærerråd for utveksling av informasjon
     

Kven deltek

  • vgs (ansvar)
  • rådgivar ITO eller avdelingsleiar

 

  • kontaktlærar
  • faglærar
  • rådgivar
  • avdelingsleiar
  • PPT ved behov 

Når

  • heile året

Kva og korleis

Informasjonsrutinar mellom OT og vgs der eleven ikkje tek imot skoleplass

  • Fylkeskommunen orienterer vgs og OT om elevane
  • Info til aktuelle aktørar ved andre opplæringstilbod

Kven deltek

  • mrfk seksjon inntak (ansvar)
  • OT
  • Elev
  • Foreldre
  • PPT

Når

  • mai - juli

Kva og korleis

Oppmøtedag

  • Sjekk inn på aktuelle elevar og legg inn små samtalar med elev gjennom første skoledag for å skape tryggheit

Kven deltek

  • vgs (ansvar)
  • kontaktlærar
  • ev. anna støtepersonell i laget rundt eleven

Når

  • aug.

Kva og korleis

Støtte seg til gode forskningsbaserte tiltak for gode læringsmiljø som skapar tydelege reglar og rutiner med konsekvente og varme lærarar. 

Kven deltek

  • vgs (ansvar)
  • kontaktlærar
  • faglærar

Når

  • heile året

Kva og korleis

Samarbeidsmøte om skolenærvær  og fungering.

  • Fortsette med det som fungerer og justere omd et er noko so ikkje fungerer

Kven deltek

  • vgs (ansvar)
  • avdelingsleiar
  • kontaktlærar
  • elev
  • foreldre
  • PPT eller OT ved behov

Når

  • etter avtalt plan