Søk om skoleplass i VigoHer finn du informasjon om innsøking og inntak til vidaregåande opplæringSøkeportalAlle som skal søke vidaregåande opplæring (både ungdom og vaksne), skal bruke søkeportalen VigoSøk vidaregåande opplæring på vigo.noSøknadsfrist1. mars er søknadsfrist for ordinært inntak1. februar er søknadsfrist for å søke om fortrinn og individuell vurdering. Rådgivar ved skolen der eleven går no skal hjelpe eleven med å søke. Meir informasjon kjem i oktober.Les om ulike utdanningsprogram på vilbli.no“Oktobermelding” frå kommunen til fylkeskommunenKommunen skal innan 1. oktober melde frå om elevar i 10. trinn som vil søke fortrinn i inntak, enten på grunn av sterkt nedsett funksjonsevne eller om fortrinn til eit bestemt utdanningsprogram. Melding frå kommune § 4-22 - Sterkt nedsatt funksjonsevne (DOCX, 36 kB)Melding frå kommune § 4-21 - Særskilt utdanningsprogram (DOCX, 38 kB) Ofte stilte spørsmål - inntak til vidaregåandeEg har problemer med å logge meg inn på VIGO. Kva gjer eg? Informasjon og brukarstøtte for MinID eller BankID. Kan eg endre søknaden min etter fristen 3. mars?Du kan ikkje endre søknaden etter fristen 1. mars med mindre du har svært gode medisinske, sosiale eller pedagogiske grunnar til det. Desse må dokumenterast. Send søknad og dokumentasjon til Møre og Romsdal fylkeskommune, Kompetanse- og næringsavdelinga, Postboks 2500, 6404 Molde. Du kan sende inn via eDialog. Kan eg endre søknaden min etter fristen 1. februar? Søkarar som har søkt om fortrinn eller individuell vurdering i inntak til vidaregåande kan ikkje endre søknaden sin etter fristen. Årsaka er at inntaket for desse søkarane er ferdig allereie i mars/ april. Om du har spørsmål kan du ta kontakt med oss på e-post inntak@mrfylke.no eller på telefon 712 80 150.Kva skjer om eg er på ferie når skoletilbodet kjem? Registrer førehandssvar når du søker i Vigo, så kan du sjå kvar du har fått tilbod om av skoleplass/ ventelisteplass når du er tilbake frå ferien.Hugs at dersom du legg inn førehandssvar, så svarer du ja både til skoleplass og til å stå på venteliste til alle høgare ønske dersom du har fått tilbod om eit lågare ønske. Vil du behalde lågare ønske om du får tilbod om det, må du takke nei til venteliste. Når du har lagt inn førehandssvar kan du likevel endre svaret ditt fram til svarfristen. Om du ikkje har registrert førehandssvar og du er på ferie, må du logge inn på Vigo og svare innan svarfristen. Kva skjer om eg ikkje får tilbod om skoleplass i første inntaket? Alle søkarar med ungdomsrett skal få tilbod om skoleplass før skolestart. Når andre gongs inntak blir gjort, vil plassane som nokon har takka nei til bli frigjort og tildelt dei som står på ventelistene. Du er ikkje garantert plass ved nokon av skolane du har sett opp på søknaden din, men du har rett til skoleplass på eitt av tre alternative utdanningsprogram på Vg1, eller noko som du er kvalifisert til på Vg2 eller Vg3.Det kan hende at dette blir på ein annan skole enn dei du har søkt til.Eg står som nr. 1 på venteliste etter første inntak. Kan eg få vite om nokon har takka nei, slik at eg rykker opp? Sjølv om det har kome inn nei-svar, så betyr ikkje det nødvendigvis at du får tilbod om plassen. Det kan vere feil som er gjort, eller nokon har fått medhald i klage på karakter, f.eks., og desse går framfor deg på ventelista dersom dei har høgare poengsum enn deg. Du må vente til andre inntak er ferdig før vi kan seie noko sikkert.Eg har fått tilbod på eit lågare ønske etter andre inntaket. Står eg fortsatt på venteliste til dei høgare ønska mine? Ja, det kan vere nokon som takkar nei, og ledige plassar blir frigjort. Du vil få beskjed enten frå fylkeskommunen eller frå skolen dersom det blir ledige plassar der du står på venteliste. Vi sender alle ventelister ut til skolane rett før skolestart, og overlet resten av inntaket til skolane. Skolane vil ta kontakt med dei som står på venteliste dersom det blir ledige plassar etter skolestart.Eg stod som nr. 2 på venteliste etter første inntak, men etter andre inntak står eg som nr. 3. Korleis kan dette skje? Det kan skje feil i saksbehandling. Det kan også vere at søkarar som har klaga på karakterar får medhald, og difor får auka sin poengsum til andre gongs inntak. Kjem poengsummen over den du har, vil dei gå framføre deg på ventelista til andre gongs inntak. Det kan også vere anna klagebehandling som gjer at inntaket endrast.Kva er poenggrensa for inntak til dei ulike tilboda og skolane? Søkartal til dei ulike tilboda og skolane endrar seg frå år til år, og det gjer også poenggrensa. Her finn du nedre karaktergrense og gjennomsnittlig karakterpoeng. Kven kan eg kontakte for spørsmål om Lånekassen?Har du spørsmål om stipend, lån og tilbakebetaling, kan du ringe tlf. 21 49 60 00.Du kan sjekke heimesida til Lånekassen. Eg kan ikkje møte opp første skoledag. Kva gjer eg? Du må ta direkte kontakt med skolen og spørre kva du kan gjere. Dersom du ikkje melder frå til skolen, så mister du plassen du har fått tildelt.Kan eg bytte skoleplass etter skolestart? Dersom skolen har ledig plass og ikkje har nokon igjen på ventelistene, er det opp til skolen å avgjere om dei kan ta inn ein elev som ønsker å bytte skoleplass etter skolestart. Skolen må vurdere om eleven er kvalifisert til å starte på det dei ønsker før dei eventuelt tek inn ein ny elev. Har du spørsmål om inntak til vidaregåande opplæring kan du ta kontakt med oss på e-post inntak@mrfylke.no og telefon 71 28 01 50.INFOHEFTE - Informasjon om innsøking med særskilte rettar og melding om tilretteleggingsbehov (PDF, 2 MB)