Rett til særskilt språkopplæring
Elevar med anna morsmål enn norsk og samisk har rett til særskild språkopplæring til dei kan norsk godt nok til å følgje den vanlege opplæringa. Særskild språkopplæring skal omfatte forsterka opplæring i norsk og, om det trengst, morsmålsopplæring, tospråkleg opplæring i fag eller begge delar.
Enkeltvedtak særskilt norskopplæring nynorsk - 2024 (DOCX, 48 kB)
Enkeltvedtak ikkje behov § 6-5 nynorsk - 2024 (DOCX, 38 kB)
Forhåndsvarsling til elev og foresatte, bokmål (DOC, 47 kB)
Nynorsk eller bokmål i vidaregåande opplæring
Opplæringslova kap. 15 slår fast at elevar skal ha opplæring i både nynorsk og bokmål. Elevane vel sjølve om dei skal bruke nynorsk eller bokmål som skriftspråk, og om læremidla skal vere på nynorsk eller bokmål
Språkplan
Det er utarbeidd ein språkplan for vidaregåande skole. Målet med planen er å sikre språkrettane til elevane, og å styrke vilkåra til nynorskelevane spesielt. Innhaldet er utarbeidd i samarbeid med Nynorsksenteret og Høgskulen i Volda.
Haldningssporet handlar om å gi gode vilkår for nynorskelevane og ei god og motiverande nynorskopplæring for alle elevar.
Ressursar
Molde vgs legg til rette for nynorskelevar
Ved Molde vgs har dei teke nokre strukturelle grep for å gjere det enklare og kjekkare for elevar med nynorsk som hovudmål å halde på språket sitt. Desse grepa er verken dyre eller omfattande.
- Sørg for at ingen nynorskelevar står heilt aleine i ein klasse
- Gi nynorskelevane ei eiga velkomsthelsing i Teams til skulestart
- Meld frå til skolebibliotekaren om kor mange nynorskelevar der er på kvart trinn
- Informer lærarane om hovudmålet til elevane deira
- Bruk både nynorsk og bokmål i skolen sine sosiale medium
- Inviter nynorskelevane til pizza og prat 3–4 gonger i året