Avgangsmarkering og russetid

Avslutninga av vidaregåande opplæring blir ofte markert med ei høgtidleg vitnemålsutdeling i juni. I mange tiår har det også vore tradisjon for russefeiring. Det er opp til kvar enkelt om ein ønskjer å delta i russefeiringa, og mange vel å ikkje delta.

Dei siste åra har kommersielle aktørar fått stor påverknad på russefeiringa. Dette har ført til gruppering, utanforskap og utfordringar for skolemiljøet. Derfor jobbar fylkeskommunar, kommunar, regjeringa og politiet saman for å skape eit tryggare og meir inkluderande miljø for alle elevar. 

2026 - ei ny feiring

 

  • Bli med å forme avgangsmarkeringa!

    - ved å engasjere deg i det regionale og lokale arbeidet knytt til 2026 – ei ny feiring!

Andre tips og råd

Under finn de fleire relevante tema knytt til avgangsmarkering og russetid.

 

  • Treng du nokon å snakke med?

    Dersom det oppstår situasjonar utanom skoletid som også påverkar læringsmiljøet, ta kontakt med skolen.