RussetidRussefeiring er ei privat feiring som markerer avslutninga av vidaregåande opplæring. Å vere russ er derfor eit val du tek sjølv, og fleire elevar vel å ikkje vere russ. Alle elevar har rett til eit trygt og godt skolemiljø, og Møre og Romsdal fylkeskommune arbeider for at også avgangsfeiringa også skal vere trygg og inkluderande. Spørsmål og svar om russetidaTrygg og inkluderande russetidNasjonalt samarbeid om ny russetidAlle fylkeskommunane i landet har gått saman om å skape ei trygg og inkluderande avgangsfeiring frå 2026. Ei stor nasjonal arbeidsgruppe har laga ein strategi og handlingsplan. Arbeidet baserer seg på innspel frå ungdommar frå heile landet. Dagens feiring har for store utfordringar til at ungdom kan gjere endringane sjølve, men ungdommane har ei sentral rolle i arbeidet med komande avgangsfeiringar.Måla i strategi og handlingsplanAvgangsmarkeringa startar når videregående skole er ferdig, medio juni, og lengden for feiring blir avgrensa til ei vekeSvekke marknadsaktørane sin kontroll over feiringa og minske kommersielt pressLegge til rette for at avgangselevane har ei felles feiring og ein stad å vereRegjeringa støttar arbeidet med å legge til rette for ei trygg og meir inkluderande avgangsfeiring. Dei arbeider blant anna med å få betre kontroll over marknadsaktørane og for å få strengare reglar for russebussar.Russ 2026 - dette må du vite!Vent med å inngå kontraktar!Fleire departement tar no grep for å bidra til ei tryggare og meir inkluderande feiring. Korleis avgangsfeiringa blir frå 2026 er det ingen som veit, men sidan det kan bli store endringar bør alle vente med å legge forpliktande planar no.BussRegjeringa vil stramme inn reglane for buss. Bruk av ståplassar og sidevendte sete i buss under køyring kan bli forbode. Informasjon om høringa.Engasjer deg!Bli med å forme avgangsmarkeringa ved å engasjere deg i det regionale og lokale arbeidet knytt til 2026 – ei ny feiring!Film om korleis ungdom opplever russetida Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar. Film om kva elevar gledar og gruer seg til med russetida Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar. Skolen sitt ansvar i russetidaRussefeiringa er ikkje ei markering i regi av skolen, og skolen har ikkje eit direkte ansvar for sjølve markeringa. Men skolen har ansvar for at alle elevar har eit trygt og godt skolemiljø. Les: Elevene har rett til en trygg og inkluderende russefeiring (udir.no)Skolereglane skal følgjast også i russetida. Elevar og føresette bør sette seg inn i reglane. Forslag til avtale mellom russestyra og skoleleiingaOppstartsarrangement er (dato)Skoleleiinga informerer avgangselevane om ev. konsekvensar knytt til knutereglementet til russen.Skolen arrangerer møte mellom avgangselevane og politi/skolehelsetenesta, foreldremøte for avgangselevane og er tilgjengeleg for meir rettleiing.Skolen unngår å legge prøver til (fyll inn det som passar)Hærverk/tilgrising blir meldt til politiet. Ansvar for opprydding og dekning av kostnader ved oppryddinga blir vurdert i kvart enkelt tilfelle.Skolen stiller klasserom til disposisjon når russen skal ha møter og liknande på dagtid. Russen er ansvarleg for at romma er ryddige etter møta.Det er ikkje tillate å ha vassgevær, vasspistolar og liknande inne i skolebygget eller andre lokale skolen brukar. Russen skal ikkje invitere til/delta i vasskrig på skolen sitt område.Det skal ikkje noka form for svartelisting/”koselister”/mobbing/trakassering av medelevar, og russestyret skal arbeide aktivt mot dette.Russen kan søke skolen om økonomisk støtte til felles aktivitetar for avgangselevaneSkolen kan legge til rette for ulike felles arrangement for avgangselevane gjennom skoleåret, for eksempel …Russestyret utarbeider ein aktivitetsplan for felles aktivitetar for avgangselevane ved skolen. Planen skal godkjennast av skoleleiinga.Alle avgangselevane som ønskjer å vere medlem av ei russegruppe skal få tilbod om detteRussekontaktene formidlar informasjon i sine klasserRussestyret utarbeider skisse til aktivitetsplan og konkrete ønske om samarbeid med skolenDenne avtalen skal vere på plass før skolebygget kan brukas til russeaktivitetarSkolane kan ha fleire eller andre punkt i avtalen. Ta kontakt med din skole dersom du vil vite meir.Kva kostar det å vere russ? Kva det kostar å vere russ kjem an på kor mykje du ønskjer å bruke. Dersom du vel å vere med på russebil/russebuss, vil kostnaden vere mykje høgare. RussekalkulatorPrøv russekalkulatoren eller sparekalkulatoren på nettsidene til Finans Norge og Forbrukertilsynet.Les også tips og råd til russen frå Forbrukarrådet.Russetid og trafikksikkerheitStatens vegvesen tilbyr gratis sjekk av russebussSjå tidspunkt og bestill time her (vegvesen.no)Råd frå Trygg Trafikk Møre og Romsdal:alle har på seg bilbelte og sit på godkjente plassar i fartall last er sikra på ein god måtealle er kjent med konsekvensane ved for mange passasjerarsjåføren har dokument i orden og kjenner krav til ulike køyretøysjåføren har fri sikt framover, til sida og bakover i køyretøyetbrannslukkaren er godt festa, merka og tilfredsstiller alle kravaggregatet er slått av og tømt for drivstoffaggregatet er festa utanfor bussen eller i gasstett romdrivstoff er lagra i sikre kannerBerre påbode lys blir brukt under køyringkupeen er opplyst (gjeld berre buss) Les om kjøretøy og russ på Statens vegvesen sine nettsider Lytt til Statens vegvesens podcast Russ og buss.Les Russ og rulling - dette må dere vite (Trygg trafikk) Her kjem ei helsing frå Per Gjerde, regionleiar Trygg Trafikk, Møre og Romsdal“Du skal ut å leve livet! Bruk tida godt, utfordre deg sjølv saman med andre, lev ut livet, men gjer det innanfor trygge og lovlege rammer. Trygg Trafikk arbeider for at ingen skal bli drept eller hardt skadd i Trafikken. Vi arbeider kvar dag med å få trafikantar, deg, til å ta dei rette vala, dei gode vala som gjer at ein ikkje hamner i ei trafikkulykke. Vi bryr oss om menneske, vi bryr oss om deg. Ver den som tør å minne om at bilbeltet fungerer best når ein er rett fastspent. Ver den som tør å seie ifrå når det opplagt er er for mange i bussen. Og når de rullar rundt omkring, minn kvarandre på denne sjekklista (sjå over).”Råd til russeforeldre Du er viktig for ungdommen din, også i russetida. Vis at du bryr deg, snakk med ungdommen og ver tilgjengeleg!Førebygg! Snakk om korleis dei vil ha det på skulen og korleis dei kan bidra til eit godt miljø.Snakk om feiringa på førehand. Kva slags feiring ønskjer dei? Korleis kan dei bidra til ei positiv feiring for alle?Ver der for ungdommen din! Gjer det lett å kome til deg med positive og negative opplevingar.Inkluder alle alltid; sørg for at ungdommen din tek ansvar for andre.Tør å setje grenser, og stå i dei.Bry deg om andre ungdommar. Du kan vere ein trygg vaksenperson å snakke med.Snakk om eigne grenser og viktigheita av å respektere andre sine. Snakk om vennskap, utanforskap, rusbruk, drikkepress, knutereglar og sexpress.Openheit og tryggleik er viktig.Ha på telefonen - alltid!Hjelp ungdom å finne ein stad der dei kan feire saman. Då blir russebuss og van overflødig.Snakk og samarbeid med andre foreldre! Ha eigen kanal. De kan saman bidra til ei trygg og positiv avgangsfeiring.Samarbeid med skolen og bidra til godt skolemiljø og bra fellesfeiringMeir informasjonInformasjon frå Utdanningsdirektoratet om russetidaTips rundt kontrakter fra forbrukerrådetPodcast om russetidens skyggesider (NRK) Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar. Er du ungdomsforelder og vil vite meir om russ og avgangsfeiring? Sjå informasjonsvideoen “Veien til ny avgangsfeiring” (statsforvalteren.no) Russetid og helseDet skjer mykje i russetida, og nokre gonger kan du ha behov for hjelp. Det kan vere ein samtale, ein test for å sjå om ein har fått ein seksuelt overførbar infeksjon eller hjelp til sikker prevensjon. Det kan handle om rus, overgrep eller psykisk helse, eller anna. Vi er mange som kan hjelpe.På vidaregåande skolar er der helsesjukepleiarar eller skolehelsetenesteAlle helsesjukepleiarar snakkar med russen før russetida startarDei fleste kommunane har ein Helsestasjon for ungdomFastlege, legevakt og andre kan hjelpeHjernehinnebetennelseFolkehelseinstituttet tilrår at ungdom i alder 16-19 år vaksinerer seg mot meningokokksjukdom (smittsam hjernehinnebetennelse). Ta kontakt med kommunen din om du får gratis vaksine, dette varierer frå kommune til kommune. Les om hjernehinnebetennelse og vaksine (helsenorge.no)Kjønnssjukdommar Les om kjønnssjukdommar og symptom (helsenorge.no)Utsett for valdtekt eller seksuelt overgrep?Har du vore utsett for valdtekt, seksuelle overgrep eller mistenker at det har skjedd, ta kontakt med nærmaste overgrepsmottak eller politi for hjelp og avklaring om kva du skal gjere vidare. Det er overgrepsmottak i alle fylker i Norge.Overgrepsmottaket tilbyr rask hjelp og samtale i trygge omgjevnader Du blir medisinsk undersøkt med tanke på skader, smitte og graviditetOvergrepsmottaket gjennomfører ei rettsmedisinsk undersøking for å sikre bevisHusk: Ikkje dusj. Ta vare på undertøy og klede. Ta vare på SMS-ar og meldingar på sosiale media.Her får du fleire råd: Råd/rettleiing frå politiet om valdtekt og seksuelle overgrep (politiet.no)Informasjonsvideo frå politiet (youtube)Informasjonsvideo frå Kripos “Kjernekar: Russevoldtekt” (youtube)Samtykke forklart (seksuellatferd.no)Tips Forbrukertilsynet om reklame og kontrakterRussefeiringa har blitt “big business" for mange aktørar. Forbrukertilsynet ønskjer tips frå ungdom, russ, foreldre og andre som har sett marknadsføring eller kontraktar dei reagerer på. Les meir og send tips anonymt (forbrukertilsynet.no) Treng du nokon å snakke med?Ta kontakt med elevtenesta på skolen. Der kan du for eksempel snakke med ein rådgivar, helsesjukepleiar eller miljøarbeidar.Kontaktinformasjon til Pedagogisk-psykologiske teneste (PPT) i skolen.Du kan også kontakte elev- og lærlingombodet.Elevane skal ha eit trygt og godt læringsmiljø på skolen. Dersom det oppstår situasjonar utanom skoletid som også påverkar læringsmiljøet, kan de kontakte skolen.