Bakgrunnen for ny skole- og tilbodsstrukturAdministrasjonen jobbar no med eit forslag til kor mange skolar og kva utdanningstilbod vi skal ha i den vidaregåande opplæringa i fylket i framtida. Hausten 2025 vil politikarane behandle og vedta framtidig skole- og tilbudsstruktur. Her kan du lese meir om kvifor dette arbeidet er sett i gang. Politisk vedtakDet er fylkestinget som har vedtatt å starte arbeidet med å lage eit forslag til ein ny skole- og tilbodssstruktur for vidaregåande opplæring 2026-2040. Vedtaket i sak 54/24 Oppstartsmelding. Ny skole- og tilbodsstruktur for vgo 2026-2040Fylkestinget sluttar seg til arbeidet med ein ny skole- og tilbodsstruktur for vidaregåande opplæring 2026-2040.Utdanningstilboda i vidaregåande skule kjem under press i åra som kjem på grunn av fallande elevtal på sikt. Samtidig manglar arbeidslivet nok og kvalifisert arbeidskraft, ikkje minst i distrikta. Fylkestinget ber derfor Fylkeskommunedirektøren gå i dialog med Stranda og Tingvoll kommune for å avklare om det er grunnlag for eit samarbeid med kommune, næringsliv og fylkeskommunen om moglege utdanningstilbod, herunder særeigne og unike tilbod. Dette skal vere ein del av kunnskapsgrunnlaget for vedtak om framtidig skulestruktur. Fylkestinget ber om at også distriktspolitiske omsyn blir lagt til grunn for arbeidet. Møre og Romsdal er eit stort distriktsfylke og det er ei styrke at vi har ein desentralisert skulestruktur både for elevar, næringslivet og lokalsamfunna rundt. Difor er det viktig at vi sikrar skular i alle delar av fylket med eit variert linjetilbod også i framtida.Fylkestinget ber om at kompetanse- og næringsutvalet får jamnlege oppdateringer om arbeidet med skolestruktur det komande året. Elevråda ved alle dei vidaregåande skulane blir lagt til under relevante aktørar å engasjere gjennom prosessen fram mot høyringa juni 2025.Fylkestinget ser verdien av samarbeid med lokalt næringsliv, og vil se på mulighet for OPS-prosjekt som en del av skole- og tilbudsstrukturen for å kunne samarbeide med flere lokale krefter som kan bidra til å realisere prosjekt som f. eks den planlagte skolen på Sørsida i Ålesund eller andre lokale prosjekt i Møre og Romsdal. Fylkestinget ber fylkeskommunedirektøren om å inkludere arbeidskraftsbehovet i fylket framover i kunnskapsgrunnlaget.Saksframlegget og møteprotokoll for fylkestinget si sak 54/24Det blir færre elevarDen grafiske framstillinga viser utviklinga i elevtal på dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal, og talet på vidaregåande skolar år for år. Frå skoleåret 2026/2027 vil elevtalet synke kraftig.Grafikk med to kurver; ei som viser utviklinga i elevtal (svart) og ei anna (grå) som viser talet på skolar, begge i perioden 1995-2040. Merk at det er ulike y-aksar.I denne lenka ligg grunnlagsdata for grafikken.Meir bakgrunnsinformasjon finn du i kunnskapsgrunnlaget for «Delstrategi for kompetanse, tilbod i VGO». NB: Dette er ikkje det heilskaplege kunnskapsgrunnlaget for skole- og tilbodsstruktur.Fortel om behovetI kronikken Dramatisk lågare elevtal gjer at vi må justere skoletilbodet skriv fylkeskommunedirektøren og kompetanse- og næringsdirektøren om bakgrunnen for arbeidet med ny skole- og tilbodsstruktur, og kvifor det er behov for å gjere endringar.Forklarar høyringa i videoI ein video forklarar kompetanse- og næringsdirektør Erik Brekken høyringa til saka om ny skole- og tilbodsstruktur 2026-2040. Opptaket vart gjort 2. juni 2025. Vil du sjå denne videoen må du godkjenne funksjonelle informasjonskapslar.