Vil du vere med å drive samfunnsutvikling på høgt nivå, er Møre og Romsdal fylkeskommune arbeidsplassen for deg.
Du finn oversikt over ledige stillingar på mrfylke.no/jobb
Som ny hos oss får du:
- Introprogram i eininga med mellom anna rettleiing, fadder/mentor
- Felles introduksjonsprogram om oppgåver, visjon og verdiar
- Medarbeidarsamtalar
- Kompetanseutvikling gjennom heile karrieren
- Delta på fylkesakademiet
- Leiarutviklingsprogam
Leiar- og medarbeidarutvikling
For å utvikle våre medarbeidarar, tilbyr vi leiarutviklingsprogram, leiaroppfølging, medarbeidar- og utviklingssamtalar, kompetanseplanlegging og ulike kompetansetiltak.
Fylkesakademiet tilbyr ulike kompetansetiltak og kurs for tilsette innan arbeidsgivar- og organisasjonsområdet. Akademiet står bak organisasjonskonferansen, leiarutviklingsprogram, introduksjonsdag, kurs og ulike kompetansetiltak. Kvart år tilbyr vi ein oppdatert kurskatalog for dei tilsette.
Pensjonsordning
Som tilsett i sentraladministrasjonen i fylkekommunen er du tilslutta pensjonsordninga i KLP. Undervisningspersonale i dei vidaregåande skulane tilslutta pensjonsordninga i Statens pensjonskasse.
Pensjonsforsikringar
Du som tilsett er forsikra i KLP. Forsikringsavtalen omfattar:
- Gruppelivsforsikring
- Yrkesskadeforsikring
- Ulykkesforsikring i fritida
Når blir du meldt inn og ut av forsikringsordningane?
- Nye arbeidstakarar er med i ordninga frå tilsettingsdato.
- Arbeidstakarar som sluttar eller går over på alderspensjon går automatisk ut av ordninga den dagen dei sluttar i jobben.
- Uførepensjonistar er omfatta av gruppelivsforsikringane fram til dei når aldersgrensa for stillinga dei hadde
Du kan lese meir om pensjonsordning på klp.no
Du finn meir om pensjonsordninga på Statens pensjonskasse si nettside.