Opplevingsfestivalen 2025

  • Hending

Opplevingsfestivalen 2025

Dato

Onsdag 5. mars 2025 - torsdag 6. mars 2025

Tidspunkt

kl. 10.00 - 13.00

Stad

Ulsteinvik

Velkommen til Opplevingsfestivalen, fylkets største møteplass for alle som arbeider innafor kunst og kultur, tradisjonelt reiseliv, naturbaserte aktivitetsbedrifter, mat og transport eller andre opplevingsnæringar. Kvalitet og faglegheit, inspirerende og motiverende foredrag, knallgod atmosfære står i sentrum for festivalen, i tillegg til mingling og nettverksbygging. 

Program

Kva skjer på onsdag
  • Kl. 10.00 - 10.30 Registrering
  • Kl. 10.30 - 12.00 - Felles aktivitetar ute v/Opplev Runde (obs. kle deg etter veret)
  • Kl. 12.00 - Lunsj

Festivalprogram

Kl. 12.45 Festivalopning 

-med fylkesvaraordførar Anne Marie Fiksdal og kulturelt innslag

Kl. 13.00 - 13.45 Tema 1: Kultur og reiseliv i praksis

-Korleis kan eit sogespel skape identitet og ringverknader for både innbyggarane, kommunen og reiselivet ? Kathrine Bøe Hungnes og Anne Steinsvik Slettebakk frå Herøyspelet - Kongens Ring vil dele sine erfaringar med oss..

-Etter 20 år i Oslo tok Eivind og Torstein over odelsgarden Sølvane Gard i Kandal og starta eit eventyr. No, etter 6 år, besøker gjestar fra heile verda den vesle vestlandsbygda for å oppleve det paret har klart å bygge opp.

Kl. 13.45 - 14.00 Pause og mingling

Kl. 14.00 - 15.00 Tema 2 Opplevingsdesing - “Med kunden i fokus”

-Gøran Bolme og Åse Børset tek turen frå Trollheimen der de jobbar på verdas einaste forskingsstasjon for Troll, Home of the Trolls. Som trollforskarar vil dei gi et innblikk i kvardagen deira og vise nokre av forskingsresultata så langt.

-Dei fire unike fortellingane om Romsdalen. Anna Tokle Amundsen, AN:NA design AS, vil fortelle om prosessen medå utvikle unike og berekraftige opplevingar i Romsdalen

-Korleis kan norske oppleveingar konkurrere globalt? Nina Kristine Madsen-Geelmuyden i Norwegian Adventure Company (NAC) deler sine erfaringar og innsikt i korleis små og store reiselivsbedrifter kan bli eksportmodne.

Kl. 15.00 - Pause m/kulturelt innslag

Kl. 15.30 - 16.00 Tema 3: Kundereisa og digitale kanalar

-Å engasjere i digitale flater blir viktigare og viktigare om man skal oppnå resultat i dagens digitale landskap. Jenny Hoff fra @teamrenomme vil dele hands on erfaring for digital vekst – og korleis du kan måle arbeidet du gjer. 

Kl. 16.00 - Pause m/kulturelt innslag

Kl. 16.30 - 18.00 Sofasamtale med innleiarane og miniworkshop

-30 min med sofasamtale med innlederne
-1 time workshop m/Jenny Hoff: Engasjerende digital kommunikasjon - workshop m/Jenny Hoff

Fra teori til praksis: Med en praktisk tilnærming gjør vi morsomme øvelser i både skriftlig og visuell kommunikasjon for å forstå hva vi formidler gjennom våre digitale flater- og hvordan vi kan oppnå både engasjement og salg med bruk av riktige virkemidler.

Kveldsarrangement

-Kl 19.00 Avreise med buss frå hotellet til Hodr Vikingsete i Hjørungavåg
-Kl 19.30 3-rettars middag spekka med vikinghistorie og spel
-Kl 22.00 Avreise med buss frå Hodr Vikingsete i Hjørungavåg til hotellet

Kva skjer på torsdag

Kl. 09.00 - 09.30 Naturen er vår heim

Margreth Olin tek oss med ut på ei sanseoppleving i Vestlandsnaturen inspirert av filmen Fedrelandet. I eit år vandra ho i faren Jørgen sine forspor i høgfjellet i områda rundt Jostedalsbreen. Kva fann ho?

Kl, 09.30 - 10.00 Målgruppeinnsikt

Forstå målgruppene (kundane) og utnytt marknadsmulegheitene desse gir. Anita Vik Buckley frå Innovasjon Norge Møre og Romsdal tar oss gjennom eit djupdykk i tala.

Kl. 10.00 - 10.30 Strategisk kommunikasjon

Møre og Romsdal er svært variert. Korleis kan ein lande ein felles strategisk kommunikasjon som oppsummerer verdas beste reisemål? Frank Standal tek oss gjennom prosessen frå i fjor til i år.

  • 10.30 Mingling og pause

Kl. 11.00 - 11.45

Are Kalvø - i kjent stil

  • 11.45 Avslutning
  • 12.00 Lunsj 

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Møre og Romsdal fylkeskommune

Kontakt

Lillian Sæther

Om staden

Namn

Ulsteinvik