Innleiar: Henrik Lundberg, Byarkitekt i Stavanger
I 2024 hadde vi under frukostwebinar i Program for berekraftig by- og tettstadutvikling besøk av Byarkitekten i Indre Østfold. Då fekk vi innsikt i kva ein byarkitekt kan bidra med i ein kommune, og korleis ein slik ressurs kan bidra til god by- og stadutvikling. No dykkar vi lenger ned i dette temaet og følgjer vi opp med eit innlegg frå Byarkitekten i Stavanger - Henrik Lundberg, og får høyre korleis han og Stavanger kommune konkret jobbar for å bidra til kvalitet i by- og bumiljø. Dei har blant anna utarbeidd eit verktøy for korleis dei konkret kan bidra til at dei enkelte prosjekt og planar støttar måla om gode byområde og gode bumiljø, og vi skal få høyre om dette verktøyet, som dei kallar Plan A.
Påmeldingsfrist: 14. mars 2025