-
Dato
-
Torsdag 12. juni 2025 - fredag 13. juni 2025
Vi har i samarbeid med Ulstein kommune, DOGA og Husbanken, gleda av å invitere til årets by- og tettstadseminar i Ulsteinvik 12.-13. juni!
Bustaden er ein grunnleggande faktor i livet vårt. Korleis skal vi planlegge og bygge slik at vi løyser samfunnsutfordringane og skapar meiningsfulle liv for folk som skal bu i husa, og på stadene våre?
Årets by- og tettstadseminar BU+STAD er ein inspirerande møteplass for deg som vil fylle på kunnskap, lære frå andre, sjå gode eksempel, diskutere og reflektere i lag!
Seminaret er relevant og opent for kommunar, næringsaktørar og andre som jobbar med, eller er interessert i bustad- og stadutvikling.
Seminaret varar frå lunsj til lunsj: Vi startar 12. juni kl. 11, og avsluttar 13. juni kl. 13. Det er rabattert pris på deltaking begge dagane. Det er mogleg å delta på berre ein av dagane. Då vel du dagpakke og evt. middag i skjemaet nedanfor.
Deltaking begge dagar inkludert middag kostar 1750 kroner.
Dagpakke inkludert lunsj kostar 690 kroner pr. dag.
Middag kostar 725,-
Overnatting hos Quality Hotel Ulstein må bestillast av den enkelte via denne lenka. Overnatting må betalast til hotellet ved utsjekk. Deltakaravgifta blir fakturert i etterkant av arrangementet.
Det er avgrensa antal plassar - førstemann til mølla.
Det endelege programmet kjem om kort tid.
Påmeldingsfrist: måndag 26. mai
Programmet finn du her: Program BU+STAD.pdf (PDF, 6 MB)
OBS! Overnatting hos Quality Hotel Ulstein må bestillast av den enkelte via denne lenka.