BU+STAD: by- og tettstadseminar 2025

  • Hending

BU+STAD: by- og tettstadseminar 2025

Dato

Torsdag 12. juni 2025 - fredag 13. juni 2025

Tidspunkt

kl. 11.00 - 13.00

Stad

Quality Hotel Ulstein

 

Vi har i samarbeid med Ulstein kommune, DOGA og Husbanken, gleda av å invitere til årets by- og tettstadseminar i Ulsteinvik 12.-13. juni! 

Bustaden er ein grunnleggande faktor i livet vårt. Korleis skal vi planlegge og bygge slik at vi løyser samfunnsutfordringane og skapar meiningsfulle liv for folk som skal bu i husa, og på stadene våre? 

Årets by- og tettstadseminar BU+STAD er ein inspirerande møteplass for deg som vil fylle på kunnskap, lære frå andre, sjå gode eksempel, diskutere og reflektere i lag! 

Seminaret er relevant og opent for kommunar, næringsaktørar og andre som jobbar med, eller er interessert i bustad- og stadutvikling. 

Seminaret varar frå lunsj til lunsj: Vi startar 12. juni kl. 11, og avsluttar 13. juni kl. 13.  Det er rabattert pris på deltaking begge dagane.  Det er mogleg å delta på berre ein av dagane. Då vel du dagpakke og evt. middag i skjemaet nedanfor.  

Deltaking begge dagar inkludert middag kostar 1750 kroner. 

Dagpakke inkludert lunsj kostar 690 kroner pr. dag.

Middag kostar 725,- 

Overnatting hos Quality Hotel Ulstein må bestillast av den enkelte via denne lenka. Overnatting må betalast til hotellet ved utsjekk. Deltakaravgifta blir fakturert i etterkant av arrangementet.  

Det er avgrensa antal plassar - førstemann til mølla. 

Påmeldingsfristen er gått ut og seminaret er fullteikna. 

 

Programmet finn du her: Program BU+STAD.pdf (PDF, 6 MB)

 

OBS! Overnatting hos Quality Hotel Ulstein må bestillast av den enkelte via denne lenka. 

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Møre og Romsdal fylkeskommune

Kontakt

Grete Kongshaug

Om staden

Namn

Quality Hotel Ulstein