Møta blir halde i Kristiansund 10. februar, Molde 11. februar og Ålesund 12. februar, og gir informasjon og rettleiing om internasjonale prosjekt.
Kva kan du forvente?
Kulturdirektoratet, Kreativt Europa-desken og Møre og Romsdal fylkeskommune samarbeider om dei regionale informasjonsmøte om Kreativt Europa, EU sitt program for kulturelt samarbeid.
- Innføring i Kreativt Europa – støtteordningar, samarbeidsprosjekt og moglegheiter for kulturaktørar
- Presentasjon av Culture Moves Europe – reisestøtte og residensprogram for kunstnere og kulturarbeidere
- Informasjon om fylkeskommunen sine støtteordninga – og elles kva vi kan bidra med
- Individuell rettleiing – for aktører med konkrete prosjekt-idear eller søknadsplaner
- Rettleiarar frå den norske Kreativt Europa-desken og fylkeskommunen vil vere tilgjengelegelege for ein-til-ein samtalar. Du kan melde interesse for rettleiing i påmeldingsskjemaet.
Merk! Seminaret er ikkje retta mot film, TV-seriar eller spel. For disse felta, ta kontakt mediedesken ved Norsk Filminstitutt.
Kreativt Europa er EU sitt program for kulturelt samarbeid. Programmet er ope for eit breitt spekter av kulturaktørar innan ulike sjangrar. Hovudformålet er å styrke kulturelt samarbeid og mangfald i Europa, for å bidra til å løyse felles europeiske problemstillingar og utfordringar. Å styrke ein felles europeisk identitet og verne kulturarv, språk og kulturelt mangfald er viktige element i programmet.
Noreg deltek i Kreativt Europa på lik linje med medlemslanda i EU og andre programland i EU sine naboregionar. Til saman deltek om lag 40 land. Programmet gir norske kulturaktørar støtte til samarbeid, kunnskapsutveksling, nettverksbygging og kompetanseheving, gjennom aktivitetar som for eksempel utveksling av aktørar og produksjonar på tvers av landegrenser, felles produksjonar, utforsking av nye forretningsmodellar og utvikling av digitale løysingar. Eit av måla er å skape betre vilkår for profesjonelle kunstnarar.
Meld deg på
Uansett om du skal delta på møtet i Kristiansund, Molde eller Ålesund skal du melde deg på i det same skjemaet.
Meld deg på informasjonsmøtet
Program
For komplett program for alle dei tre møta, kan du følge denne lenka (PDF, 220 kB) .