Om programmet
Dag 1, 3. februar
Programmet på dag 1 handlar om samhandling mellom kommune og frivilligheita, kva skjer med ABC for god psykisk helse og moglegheitsfokus og livsmeistring.
Målgruppe: Samlinga passar godt for regional frivilligheit, dei som jobbar i kommunar med folkehelse, frivilligheit, kultur, samfunnsplanlegging og frivilligsentralar.
Del 1: Korleis skape best mogleg samhandling mellom kommunar og frivilligheita?
Verktøy og strukturer for dialog og samarbeid. Inspirasjon til både kommune og frivilligheita for å skape god samhandling. Innlegg og workshop leia av Frivillighet Norge og politisk rådgivar Brita Brekke.
Del 2: Kva har vi gjort og kva vi vil gjere framover i vårt arbeide med ABC for god psykisk helse i fylket
Pilotane som har motteke tilskot vil fortelje om sine tiltak.
Del 3: Moglegheitsfokus og livsmeistring i kvardagen med Syver kjend frå «Team Pølsa» og pappaen Øyvind Blindheim
Gjennom gode og aktive val kjenner dei og familien på god livskvalitet, sjølv om Syver er råka av alvorleg sjukdom. Dei deler både godt og vondt frå kvardagen sin, om korleis val, fellesskap og meistring har styrkt den psykiske helsa deira.
Middag
Middag kl. 18 på Quality Hotel Grand. Deltakarar frå begge dagane er velkomne til å delta.
Dag 2, 4. februar – kurs
Nyttig folkehelsearbeid - kurs i vurdering og forbetring av folkehelsearbeidet
Som ein del av Folkehelseprogrammet i Møre og Romsdal ønsker vi å tilby alle kommunane kurs i vurdering og forbetring av folkehelsearbeidet, for å støtte opp om krava i folkehelselova.
Målgruppe: Kurset passar godt for dei som jobbar i kommunar med folkehelse, samfunnsplanleggarar, kommuneoverlegar, leiarar og dei som har ansvar knytt til kommunal verksemdsstyring eller forbetringsarbeid.
Nettverk for helsefremmende samfunn ( Fremsam ) gjennomfører kurset. Føremålet med kurset er å styrke kompetansen i å vurdere om folkehelsearbeidet utviklar seg i rett retning, og å få verktøy for å bidra til eit meir nyttig folkehelsearbeid. Fremsam har med seg Anette Simonsen, som har lang erfaring med å undervise engasjerande om gode mål og realistiske resultat på ulike samfunnsområde. Vi oppfordrar til å delta med to frå same kommune for å sikre best mogleg læring. Det er ei øvre ramme på maks 55 deltakarar, så vær rask med påmelding for å sikre plass.
Sjå komplett program (PDF, 454 kB)
Praktisk informasjon
- Middag: Du må også krysse av på om du blir til middag 3. februar
- Overnatting: Deltakarar på dag 2 får dekt ei overnatting per kommune
- Pris: Samlinga er gratis og inkludere dagpakke og middag. Reisekostnaden er ikkje dekt.
- Stad: Auditoriet på Campus Kristiansund, Fosnagata 12, 6509 Kristiansund
- Parkering: Vi anbefaler å parkere ved Kulturfabrikken
- Middag og overnatting: Quality Hotel Grand, Bernstorffstredet 1, 6509 Kristiansund
- Forfall: Gi beskjed ved forfall så tidleg som mogleg. Forfall utan beskjed blir fakturert.
- Kontakt: Send ein e-post til Rigmor Hustad Holen eller ring 930 06 726
Meld deg på
Påmelding innan fredag 23. januar via denne lenka . Du kan melde deg på ein eller begge dagane.