Å skape kultur for lesing – biblioteket som ressurs i skolen

  • Hending

Å skape kultur for lesing – biblioteket som ressurs i skolen

Dato

Tirsdag 27. januar 2026

Tidspunkt

kl. 09.00 - 12.00

Stad

Digitalt

Bibliotekutvikling i Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland fylkeskommunar inviterer for andre gong til digital erfaringskonferanse om skolebibliotekutvikling.

Har kommunen din planar om å søke Udir om midlar til skolebibliotek i 2026? På konferansen deler kommunar erfaringar med korleis dei har fått og brukt midlar frå Udir. Du får også fagleg inspirasjon frå Ingeborg Fredwall frå UiA, som gir oss eit forskingsbasert blikk på kva eit godt skolebibliotek er.

Konferansen er for alle som er interesserte i skolebibliotekutvikling, både kommunane som har fått Udir-midlar og dei som berre ønskjer fagleg påfyll og inspirasjon.

Det er gratis å delta.

Meld deg på

Du kan melde deg på via nettsidene til Vestland fylkeskommune som du finn via denne lenka

Praktisk informasjon

Om staden

Namn

Digitalt