Fagforum – Seterbrukets historie i Møre og Romsdal

  • Hending

Fagforum – Seterbrukets historie i Møre og Romsdal

Dato

Torsdag 5. februar 2026

Tidspunkt

kl. 14.00 - 15.30

Stad

Fleire lokasjonar

Fagforum er ei foredragsrekke som seksjon for kulturmiljø og friluftsliv i Møre og Romsdal fylkeskommune arrangerer. Gjennom året tek vi opp ulike tema innan arkeologi, kulturminne frå nyare tid og friluftsliv. Arrangementa er ope for alle som vil vere med. Du kan møte opp fysisk på St. Carolus eller delta digitalt på Teams.

5. februar er temaet seterbruket si historie i Møre og Romsdal ved Kristoffer Dahle, arkeolog i kulturavdelinga i fylkeskommunen

Kristoffer Dahle har skrive doktorgrad om tidleg seterdrift i Møre og Romsdal. I fleire år har han reist rundt i fylket for å undersøke korleis seterbruket har utvikla seg frå jarnalderen og gjennom mellomalderen.

Meld deg på for å delta på Fagforum digitalt

I forskinga si har han samanlikna lokale funn med materiale frå andre delar av Skandinavia og frå øyane i Vesthavet. Han har også vurdert metodebruk og korleis kulturminne blir forvalta. Eit av dei mest interessante funna er at seterdrift i fylket kan ha starta for over 1000 år sidan. Dette er langt tidlegare enn ein før har trudd.

For å finne ut dette har han brukt metodar som DNA-analyse, pollenanalysar, insektsstudiar og jordkjemi, og på den måten kartlagt utviklinga av seterdrifta gjennom tidene.

Du kan også møte opp på møterom 103 på Fylkeshuset i Molde. Da treng du ikkje melde deg på.

Praktisk informasjon

Om staden

Namn

Fleire lokasjonar