11. sept: kl. 09:00 – 10:00: Sosial berekraft i stadutviklinga – korleis spelar medverknad ei viktig rolle i planlegginga? Innleiar: Karoline Birkeli- Gauss, planleggar, Våre steder.
Medverknad er lovfesta og skal vere ein integrert del i alle planprosesser. Men det kan vere utfordrande å engasjere og skape dei gode medverknadsarenaene. Planleggaren skal gjerne utarbeide eit opplegg for medverknad, vera ein god prosessleiar men og som fagperson vurdere innspela sin relevans for plan.
I dette seminaret får vi konkrete tips til korleis vi kan definere handlingsrommet for medverknad og korleis vi tilpassar metodane til ulike plan nivå og kva ein ønskjer å oppnå.
Karoline Birkeli-Gauss er planleggar og gründer av Våre steder. Ho har erfaring som rådgivar innanfor prosess og medverknad i planlegginga. Ho har undervist i stadutvikling på NMBU og vore fagansvarleg for sosial berekraft i Asplan Viak.
Påmelding innan 8. september. Du vil få tilsendt teamslenke til webinaret.