Kulturminnefondet – kva betyr det for Møre og Romsdal?

  • Hending

Kulturminnefondet – kva betyr det for Møre og Romsdal?

Dato

Tirsdag 24. februar 2026

Tidspunkt

kl. 14.00 - 15.30

Stad

Digitalt møte

Har du lyst å sjå kva kulturminne som har fått tildeling i di kommune? Kva har eigentleg kulturminnefondet å seie for kulturmiljøa våre i Møre og Romsdal? 

Helene Tiller arbeider som saksbehandlar i Kulturminnefondet, med ansvar for Vestfold og Møre og Romsdal. I dette webinaret får vi ein kort presentasjon av Kulturminnefondet og tal som viser utviklinga frå 2003 til 2026. Det vil bli vist døme på tildelingar i Møre og Romsdal, og vi får presentert statistikk over tildelingane i fylket. Dei siste åra har fleire prosjekt i Møre og Romsdal fått støtte frå Kulturminnefondet. I 2025 fekk 57 eigarar tilskot til å setje i stand kulturminne i fylket. Til saman fekk prosjekta tilskot på inntil 9,9 millionar kroner. Kva typar prosjekt har fått støtte? Me får sjå noko kommunevis fordeling av tilskot i fylket. Det vil bli gitt informasjon om kva som skal til for å senda ein søknad og kva det er viktig å leggja ekstra vekt på å få med i søknaden. 

Om forelesningsrekka

Fagforum er ei foredragsrekke som Seksjon for kulturmiljø og friluftsliv i Møre og Romsdal fylkeskommune arrangerer. Gjennom året tek vi opp ulike tema innan arkeologi, kulturminne frå nyare tid og friluftsliv. Arrangementa er ope for alle som ønskjer å vere med. Dette er eit digitalt arrangement på teams, og du må registrere deg for å melde deg på. 

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Møre og Romsdal fylkeskommune

Kontakt

Sofie Molnes Søvik

Om staden

Namn

Digitalt møte

Om arrangementet