Webinar for 2. års lærlingar

  • Hending

Webinar for 2. års lærlingar

Dato

Torsdag 19. mars 2026

Tidspunkt

kl. 10.00 - 12.00

Stad

Digitalt

Er du lærling og skal ta fag- eller sveineprøva i år? Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til webinar med nyttig informasjon for alle som er lærlingar på siste året.

No nærmar slutten av læretida seg, og temaet for webinaret er derfor fag- og sveineprøva og kva du kan forvente når du er ferdig med læretida di. I webinaret vil vi informere om fag- og sveineprøva, og ein representant frå prøvenemnda vil dele korleis han jobbar når han er sensor på fagprøver.  Andre aktørar som deltek med nyttig informasjon er elev- og lærlingombodet, LO og NAV. Vi er tilgjengelig for spørsmål i etterkant av webinaret.

Meld deg på ved å trykke på lenkja under, og hugs å leggje hendinga i kalenderen din. 

Meld deg på her

Har du spørsmål, kan du kontakte oss på yrkesfag@mrfylke.no

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Kompetanse og næringsavdelinga, Møre og Romsdal fylkeskommune

Om staden

Namn

Digitalt