Mads Langnes er førstekonservator ved Romsdalsmuseet og har ein dr.philos.-grad i historie frå Universitetet i Bergen (2015). Både i doktoravhandlinga og i andre artiklar og bøker har han arbeidd mykje med jordeigedomshistorie, busetnadshistorie, rettshistorie og tilgrensande emne.
Registrering for Teams-deltaking
I dette foredraget vil Langnes ta føre seg den norske jordskifteretten frå mellomalderen til i dag, med eit fokus rundt opprettinga av ein eigen utskiftingsetat på midten av 1800-talet. Me vil også få høyre om korleis det hadde vakse fram eit jordbrukslandskap med til dels omfattande teigblanding og store klyngetun gjennom fleire hundreår, og korleis både teigblandinga og dei store fellestuna forsvann som ein del av ei radikal jordbruksreform i løpet av få tiår. Langnes arbeider for tida med ei bok om dei norske klyngetuna/fellestuna, og vil også kome inn på i kva grad me kan sjå desse som ei form for europeiske landsbyar.
Om forelesningsrekka
Fagforum er ei foredragsrekke som Seksjon for kulturmiljø og friluftsliv i Møre og Romsdal fylkeskommune arrangerer. Gjennom året tek vi opp ulike tema innan arkeologi, kulturminne frå nyare tid og friluftsliv. Arrangementa er ope for alle som ønskjer å vere med.
Dette er både eit fysisk og eit digitalt arrangement på teams.
- Fysisk deltaking: Dersom du skal delta fysisk på fylkeshuset i Molde (møterom 700), send ein e-post til kristoffer.dahle@mrfylke.no
- Deltaking online: Dersom du ønsker å delta på Teams, må du registrere deg online.
Registrering for Teams-deltaking