Tid: 15. april 2026 kl. 10.00–15.30
Stad: Scandic Flesland Airport
Sjå heile programmet og meld deg på
Vi ønsker å drøfte innretning, organisering og viktige milepelar for prioritering av E39 Vestlandsvegen i Nasjonal transportplan 2029–2040.
I tillegg til Vestlandsrådet vil du her treffe representantar frå byar og kommunar, regionråd, nærings- og arbeidslivsaktørar, stortingspolitikarar og politisk leiing i samferdselsdepartementet.
På konferansen vil du mellom anna få presentert ein fersk rapport av Oslo Economics, med oppsummert kunnskapsgrunnlag for prioritering og satsing på utbygging av E39 Vestlandsvegen.
På programmet vil det og i regi av tenketanken Initiativ Vest bli presentert ein alternativ utbyggings- og finansieringsstrategi for vegstrekninga.
Vennligst benytt lenka under for påmelding og registrering: Påmeldingskjema
Det endelege programmet vil bli publisert og sendt ut seinare i god tid før konferansen.
Dei tre fylkesordførarane i Vestlandsrådet