Kursdag ved KI‑testsenteret: Maskinlæring på strukturerte data frå databasar

  • Hending

Kursdag ved KI‑testsenteret: Maskinlæring på strukturerte data frå databasar

Dato

Onsdag 22. april 2026

Tidspunkt

kl. 09.00 - 15.00

Stad

KI-testsenteret, Ulstein vidaregåande skule

Ulstein vidaregåande skule inviterer til ei ny og praktisk retta kursdag ved KI‑testsenteret, i samarbeid med Høgskulen i Volda. Temaet denne gongen er eit fagområde som ei rekke bedrifter i regionen har uttrykt behov for: Korleis bruke maskinlæring på strukturerte taldata frå databasar?

Kurset blir leidd av:

  • Runar Lie Berge, førsteamanuensis
  • Andreas Brandsæter, førsteamanuensis

Avdeling for realfag, Høgskulen i Volda
Begge er tilknytt TRUST – The Norwegian Centre for Trustworthy AI.

Innhald og læringsmål

I løpet av dagen vil deltakarane få ei praktisk og forståeleg innføring i:

  • korleis ein jobbar med strukturerte data frå databasar
  • korleis ein førebur og analyserer slike data
  • korleis ein byggjer og evaluerer maskinlæringmodellar
  • eksempel på bruk i praksis, til dømes prediksjon av salgsprisar basert på boligdatasett (areal, rom, garasje m.m.)

Undervisninga er hands‑on og tilpassa deltakarar frå ulike bransjar.

Mini‑hackaton (frivillig)

På slutten av dagen inviterer vi til ein liten hackaton-bolk der deltakarane kan teste metodane på reelle data.

Det blir sett av ein premie for beste løysing.

Det er gratis å delta. Det blir servert lunsj. 

Påmelding: Kursdag ved KI-testsenteret

 

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Ulstein vidaregåande skule

Kontakt

Sveinar Kleive

Om staden

Namn

KI-testsenteret, Ulstein vidaregåande skule