Samling for høgare yrkesfagleg utdanning (HYU) Møre og Romsdal

  • Hending

Samling for høgare yrkesfagleg utdanning (HYU) Møre og Romsdal

Dato

Torsdag 7. mai 2026

Tidspunkt

kl. 10.00 - 16.00

Stad

Campus Kristiansund

Velkommen til den første samlinga for høgare yrkesfagleg utdanning (HYU) Møre og Romsdal. 

Målgruppe for samlinga: leiinga ved fagskolane og personell i andre strategiske støttefunksjoner.

Frå 2026 får fylkeskommunane eit større ansvar for høgare yrkesfagleg utdanning. For å styrke samarbeidet og utviklingsarbeidet i fylket, etablerer Møre og romsdal fylkeskommune og fagskolane ein ny fagleg samlingsarena: HYU Møre og Romsdal. 

Arenaen HYU Møre og Romsdal skal vere ein møteplass for alle fagskolane i fylket. Her bygger vi nettverk, deler erfaringar og jobbar saman for å synleggjere fagskolane og høgare yrkesfageleg utdanning. 

Program

  • 10. 00 – 10. 15 Mingling og registrering 
  • 10. 15 – 10. 30 Velkommen og bakgrunn for HYU - Møre og Romsdal 
  • 10. 30 – 11. 15 Presentasjonsrunde fagskolar i Møre og Romsdal
  • 11.15 – 11. 30 Pause 
  • 11. 30 – 12. 15 HK-dir – Nye retningslinjer for statlege tilskot
  • 12. 15 – 13. 30 Lunsj og omvisning på Campus Kristiansund 
  • 13. 30 – 14. 15 Fagskolen Møre og Romsdal - Kopling av fagskoletilbod til kompetansebehov i arbeidslivet
  • 14.15 – 14.30 Pause
  • 14. 30 – 15. 30 Korleis skal vi løfte fagskolesektoren i fylket?
  • 15. 30 –16. 00 Oppsummering HYU Møre og avslutning 

Påmelding

Meld deg på innan 30. april

Kontakt

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Møre og Romsdal fylkeskommune

Kontakt

Solveig Stornes

Om staden

Namn

Campus Kristiansund