I dette seminaret vil Ola Hjelen fortelje meir om nettopp dette. Hjelen er utdanna arkitekt ansatt i fylkeskommunen, og har dei siste åra leia arbeidet med å finne, undersøkje og datere dei eldste ikkje‑kyrkjelege bygningane i fylket. I Noreg er bygningar frå før 1537 automatisk freda, medan bygg frå perioden 1537–1649 kan få fredingsstatus dersom dei blir sikkert daterte.
I seminaret blir det presentert nye funn frå Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre, og vi får eit innblikk i ny kunnskap om alder og byggeskikk ved både kjende og ukjende bygningar. Vi får også ei innsikt i kva kjenneteikn vi skal sjå etter for å identifisere den eldste bygningsarven vår.
-
Fagforum er ei foredragsrekke som seksjon for kulturmiljø og friluftsliv i Møre og Romsdal fylkeskommune arrangerer. Gjennom året tek vi opp ulike tema innan arkeologi, kulturminne frå nyare tid og friluftsliv. Arrangementa er ope for alle som vil vere med. Du kan delta digitalt via Teams, eller fysisk på Fylkeshuset i Molde. Send ein e-post til Kristoffer Dahle dersom du ønsker å delta fysisk.
Meld deg på for digital deltaking