Fagforum: Frihåndsmodellerte fasadeornament

  • Hending

Fagforum: Frihåndsmodellerte fasadeornament

Dato

Torsdag 28. mai 2026

Tidspunkt

kl. 14.00 - 15.30

Stad

Digitalt (Teams) og fysisk møte

Peder Alme er gipsmaker og har fått stipendiatstilling ved Norsk håndverksinstitutt. Han driv Ornamentfabrikken og har verkstad på Valderøya i Giske kommune. I stipendiatperioden undersøker han handverket bak frihandsmodellerte fasadeornament – eit uttrykk som er særleg rikt i jugendstilbebyggelsen i Ålesund. Prosjektet hans byggjer på erfaringane frå restaureringsarbeidet av ornamenta på Latinskolen og i Øwregata 13 i Ålesund. 

Peder er ein av under 20 gjenværande gipsmakarar i landet, og arbeidet hans er difor viktig for å ta vare på og vidareføre dette verneverdige tradisjonshandverket. I dette webinaret får vi høyre om arbeidet hans og innsikt i den spesialiserte kunnskapen som ligg bak faget.

  • Fagforum er ei foredragsrekke som seksjon for kulturmiljø og friluftsliv i Møre og Romsdal fylkeskommune arrangerer. Gjennom året tek vi opp ulike tema innan arkeologi, kulturminne frå nyare tid og friluftsliv. Arrangementa er ope for alle som vil vere med. Du kan delta digitalt via Teams, eller fysisk på Fylkeshuset i Molde. Send ein e-post til Kristoffer Dahle dersom du ønsker å delta fysisk.

Meld deg på for digital deltaking

Praktisk informasjon

Om staden

Namn

Digitalt (Teams) og fysisk møte